Karl Ove Hufthammer

Arkiv

Ordbanken versjon 2016-03-20 klar – 2016-03-20
Eg har no lagt ut versjon 2016-03-20 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Denne versjonen inneheld fleire nye funksjonar, blant anna eit nytt grafisk brukargrensesnitt.
Bokmelding: R by Example – 2015-03-10
Ei god innføringsbok i R vil mange ha glede av, og ei eksempelbasert bok høyrest ut som ein veldig god idé, med stort potensial. Dessverre utnyttar ikkje denne boka potensialet. Boka skryt av «interesting applications with real data» og eksempel som «reflect good statistical practice». Eg synest ingen av delane stemmer.
Visuell nyheitsframstilling – 2014-06-14
Kva med ei 100 % visuell framstilling av nyheitene på NRK.no? Eg har laga eit lite skript du kan kan bruka.
Ordbanken versjon 2013-02-17 klar – 2013-02-17
Eg har no lagt ut versjon 2012-09-01 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Denne versjonen inneheld fleire nye funksjonar, og også ei lita feilretting.
Ordbanken versjon 2012-09-01 klar – 2012-09-01
Eg har no lagt ut versjon 2012-09-01 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Det er ein del viktige endringar som gjorde det nødvendig med ein ny versjon, blant anna den nye nynorskrettskrivinga.
Generering av områdekart basert på punktobservasjonar – 2012-01-27
Av og til har ein behov for å laga kart som viser korleis eit geografisk område er delt inn, basert på observasjonar i området. Denne artikkelen viset eit eksempel på korleis me lett kan gjera dette automatisk. Ved av hjelp av frie verktøy og frie data lagar me eit postnummerkart basert på posisjonane til enkeltpostnummer.
SuperTuxKart på nynorsk – 2011-07-17
Rundt år 2000 dukka bilspelet TuxKart opp, sterkt inspirert av Mario Kart. Det hadde kjip grafikk og var ikkje noko gøy å spela. Dei neste åra vart det forbetra, men det var framleis kjipt – kjipt men lovande. Til slutt stoppa utviklinga heilt opp. Men spelet var fri programvare, so andre kunne ta tak i det og utvikla det vidare. Og no, mange år seinare, har me endelig fått eit kjempegøy bilspel med flott grafikk og musikk, under namnet SuperTuxKart. Og i siste versjon har me det òg på nynorsk!
Ordbanken versjon 2010-05-11 klar – 2010-05-11
Eg har no lagt ut versjon 2010-05-11 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Det er ikkje so mange endringar i sjølve programmet, men fleire i fullformsordlistene, og det var på tide å få ut ein ny versjon.
Statens kartverk i Google Earth – 2010-04-09
I Google Earth kan me sjå ortofoto frå heile verda, men utanom dei største byane i landet er gjerne kvaliteten dårlig. Men me kan faktisk få offisielle kartdata med god oppløysing inn i Google Earth òg, so detaljert at du faktisk kan sjå utedoen din, med gards- og bruksnummer!
Mandriva Linux 2010 ute – 2009-11-22
Linux-distribusjonen Mandriva Linux er endelig ute i ny versjon, 100 % omsett til både nynorsk og bokmål, med mange nye forbetringar, og tusenvis av oppdaterte program. Og alt dette heilt gratis!
Norsk Ordbog i terminalen – 2009-08-31
I 1873 kom Ivar Aasen ut med Norsk Ordbog med dansk Forklaring, grunnlaget for det som seinare skulle verta nynorsk. Boka er tilgjengelig i elektronisk form på Aasentunet, i eit noko uhendig format (Microsoft Word). Men med nokre greie verktøy kan me gjera ho om til eit enkelt koda tekstformat, og med litt skripting få «Ivar Aasen rett i terminalen».
Ordbanken versjon 2009-08-10 klar – 2009-08-10
Eg har no lagt ut versjon 2009-08-10 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Denne gongen er det ikkje so mykje nytt, men nokre rettingar, endringar og nye funksjonar er det då.
KDE 4.3 ute – på godt nynorsk – 2009-08-06
Versjon 4.3 av skrivebordsmiljøet og programsamlinga KDE er no ute. Før var KDE både brukarvenlig og kraftig, og med denne versjonen har det i tillegg blitt skikkelig lekkert. Og nynorskstøtta er den beste nokosinne!
Følg meg på Identi.ca – 2009-07-29
Eg òg har no fått ein Identi.ca-konto. Følg meg der for mindre oppdateringar som ikkje krev heile bloggartiklar.
Wormux 0.8.4 ute – på nynorsk – 2009-07-11
Spelet Wormux er no ute i versjon av 0.8.4, og noko av det nye er at spelet har fått nynorsk språkdrakt.
Ordbanken versjon 2009-07-05 klar – 2009-07-05
Eg har no lagt ut versjon 2009-07-05 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Denne gongen er det mykje nytt og flott, og her er ei oversikt.
Gratis kvalitetsdataspel – før, no og framover – 2009-06-09
I over ti år har eg vedlikehalde nettstaden Gratis kvalitetsdataspel, ei unik samling med spelomtalar av gode, gratis dataspel. Men no er det slutt, og nettstaden er lagt – nei, ikkje ned, men – i koma. Det passar derfor fint å reflektera litt over nokre tekniske moment med nettstaden.
Ordbanken versjon 2009-06-07 klar – 2009-06-07
Eg har no lagt ut versjon 2009-06-07 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Her er dei viktigaste endringane i denne versjonen.
Nytt om bloggen og meg – 2009-05-24
Ei lita oppdatering om denne bloggen og om meg. Som mange andre, har endelig eg òg gått over til Wordpress (frå Movable Type). Overgangen var overraskande lite smertefull.
Ordbanken – norsk bøying på ein lett måte – 2009-05-01
Kva er fleirtal av ordet «forum» på nynorsk? Kva heiter «å late» i presens, preteritum og imperativ? Heiter det offisielt «ei appelsin», «ein appelsin» eller «eit appelsin»? Når du er ferdig med å lesa nokre bøker, er bøkene då «leste», eller er dei «lesne»? Tilsvarande, når du ein varm sommarkveld sit og nyt ei korg ferske jordbær, kva vil du seia jordbæra er etterpå? «Nytne»? «Nautne»? «Nøtne»? «Nytte»? Her er endelig løysinga: eit program for oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank.
Mandriva Linux 2009 Spring ute – 2009-04-29
Linux-distribusjonen Mandriva Linux er endelig ute i ny versjon, 100 % omsett til både nynorsk og bokmål, med mange nye forbetringar, og tusenvis av oppdaterte program. Og alt dette heilt gratis!
Jill Sobule – 2008-06-12
Etter ei tid med noko (ugyldig?) fråvær, vil eg i dag tipsa om min favorittartist for tida, den fantastiske Jill Sobule. Og her er det gratis kvalitetsmusikk å henta!
Christmas With The New Black Eagle Jazz Band – 2007-12-14
Eg har tidligare blogga om favorittjuleplata mi, Anne Sofie von Otters fantastiske Home for Christmas. Men på ein veldig god andreplass kjem Christmas With The New Black Eagle Jazz Band, ei herlig juleplate med musikk i New Orleans-stil.
Gratis julemusikk – 2007-12-11
Lyst på eit album med gratis julemusikk? Frå musikknettbutikken Magnatune kan me dei neste par vekene lasta ned eit julealbum fullstendig gratis.
Automatisk nedlasting av dagens bilde – 2007-11-25
På Wikipedia og Wikimedia Commons kan me kvar dag lasta ned dagens bilde, som ofte eignar seg som flotte bakgrunnsbilde på skrivebordet. Eg har laga eit lite skript for automatisk nedlasting av desse bilda.
Orddeling-stoppen – 2007-04-30
«Sør-peis»? Du les setninga om igjen. Og ein gong til. Kva er det dei meiner? Brått går det opp for deg; det var «sørpe-is» det var snakk om. Du har blitt offer for databasert orddeling. Her finn du fleire skrekkeksempel …
Tux Typing – 2007-04-29
Den søte pingvinen Tux er på jakt etter eit skikkeleg måltid mat, og han treng di hjelp. Samtidig som du speler, får du god trening i å bruka tastaturet. Ungar kan få den grunnleggande innføringa i kor tastane ligg, og vaksne kan læra seg å skriva fortare.
Tux Paint på nynorsk –
Tux Paint er eit gratis, nynorsk teikneprogram for dei yngste. Det har eit veldig enkelt og lettbrukt brukargrensesnitt, men har òg mange flotte og artige funksjonar.
Alternativ tekst i XHTML – 2007-04-21
Når du har laga eit dokument som skal leggast ut på veven, vil du nok at dette skal vera tilgjengelig for flest mulig. Heldigvis er XHTML utvikla for å gjera nettopp dette mulig. Faktisk kan sidene dine vera tilgjengelige for alle, sjølv for blinde!
Styrekula Logitech TrackMan Marble+ – 2007-03-10
Musa er av dei mest brukte inneiningane for datamaskiner. Men denne gnagaren har ein interessant slektning, styrekula. I denne artikkelen fortel eg om mine erfaringar med ei Logitech TrackMan Marble+-styrekula – ei styrekula eg til slutt vart svært glad i.
Prikken over i-en – 2007-02-10
Ein hører gjerne folk uttala at noko vert «prikken over i-en», eller at ein har «gløymt å setta prikken over i-en». Dette kan oppfattast som feil, og her er grunnen.
Strukturbasert XHTML – 2007-01-27
Ein av fordelane med XHTML, er at det er eit strukturbasert språk. Dette muliggjer presentasjon av innhaldet på fleire måtar, på vanlige nettlesarar, men òg på avanserte mobiltelefonar og programvare basert på talesyntese. Denne artikkelen gjev ei kort innføring i skiljet mellom struktur/semantikk og presentasjon i denne samanhegen, og avsluttar med eit detaljert eksempel.
Tankestrek eller bindestrek – 2007-01-20
Ein vanlig feil når det gjeld teiknsetting i norsk skrift er bruk av bindestrek i staden for tankestrek. Tankestreken har ein annan utsjånad og funksjon enn bindestreken, men likevel vert dei to ofte forveksla. I denne artikkelen vert utsjånad, bruk og tekniske problemstillingar diskutert.
Frozen Bubble 2 endelig ute – 2006-10-27
Etter fleire år med venting er endelig ei ny utgåva av det kjempefengande skyt-frosne-kuler-spelet Frozen Bubble ute – på både nynorsk og bokmål!
Sauebilde – 2006-07-16
Eg kom over nokre skikkelig flotte, festlige sauebilde, i høg oppløysing, for bruk som bakgrunnsbilde.
Song om meg + konserttips – 2006-06-17
Den 3. juni var eg på konsert med Visekongene, og fekk då den store gleda og overraskinga av å bli framført ein (noko improvisert) song om! Hør songen, last ned andre og få eit lite konserttips til laurdagskvelden.
Jul med Linux – 2005-12-18
No er det snart jul, og då passar det å sjå litt på nokre program og spel som set ein i skikkelig julestemning på Linux.
Advent betyr … – 2005-12-04
Nei, ordet «advent» betyr ikkje ventetid.
Bloggen er flytta – 2005-10-26
Til orientering er bloggen (og dei andre nettsidene mine) no flytta til ein ny nettvert. Gje beskjed om det er noko som ikkje fungerer.
Forskingsdagane 2005 – 2005-09-23
Endelig er det tid for forskingsdagane igjen! Gjennom over 1000 arrangement vert forskinga tatt ut av institusjonane og presentert til oss «vanlige folk».
Slogans – 2005-09-03
Godfilmvarsel: I kveld sender NRK2 filmen Slogans frå 2001, den beste albanske spelefilmen iallfall eg har sett.
Val – men kva meiner folket? – 2005-08-27
Det er snart val, og tid for folket å velja kven som skal styra landet. Men kva meiner eigentlig «folket»? Det er langt frå alltid like lett å finna ut av. Det er faktisk ikkje so enkelt å definera eingong.
Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse 2005 – 2005-08-26
Denne fredagen er finalen i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse 2005.
Eyes Wide Shut – igjen – 2005-08-18
Minner om at NRK2 sender godfilmen Eyes Wide Shut i kveld, torsdag.
Dalziel og Pascoe – 2005-08-11
Endelig er det klart for den britiske krimserien Dalziel og Pascoe på norske skjermar. NRK sender serien i detektimen tre fredagar framover, og forhåpentligvis endå meir seinare, dersom serien vert ein suksess. Og noko anna ein suksess vil vera merkelig!
Ein ny og betre XHTML-/HTML-sjekkar – 2005-07-24
Det er lett å skriva nettsider som ikkje er syntaktisk korrekte, og som nettlesarar (og søkemotorar) derfor kan få problem med å tolka rett. Til hjelp kan me bruka sokalla HTML-validatorar, men dei er langt frå so nyttige og gode som ein kanskje har inntrykk av. Men no finst det endelig eit godt alternativ!
Skrifthinting –
Vising av skrift på dataskjermar er problematisk. I små skriftstorleikar vert nemlig teksten gjerne stygg og vanskelig å lesa. Heldigvis finst det ei god og mykje brukt løysing på problemet: hinting. Men kva er no hinting for noko?
Seroppgåva om Amalie Skram – 2005-07-23
Ei seroppgåva om Amalie Skram og naturalismen, skriven når eg gjekk på ungdomsskulen. Oppgåva er no tilgjengelig i forbetra språkdrakt, og i fine utskriftsversjonar. Og originalutgåva finst her òg.
E-postproblem og adresseinformasjon – 2005-07-19
Har du nylig sendt meg e-post du ikkje har fått svar på, send han på nytt. Og no kan du lasta ned det elektroniske visitt­kortet mitt.
Vidaresending med Apache – 2005-06-30
Apache er ein av dei mest brukte og beste vevtenarane. Ved hjelp av ei lita tekstfil kan du vidaresenda brukarar og søkemotorar som besøker ei (flytta/utdatert) adressa til ei anna. Denne artikkelen viser korleis.
Kantutjamning – 2005-06-25
Teikningar og tekst på datamaskiner vert lett «kantete» og stygge, grunna låg oppløysing. Løysinga er kantutjamning. Her er ei kort forklaring på korleis dette fungerer.
Kerning i fri programvare – 2005-06-19
Kerning er ein skriftteknologi som gjer at tekst får rett fordeling av luft mellom bokstavane. Men kor godt er dette støtta i fri programvare?
Lenkjetekstar – 2005-06-16
Lenkjer er sjølve grunnsteinen i hypertekstdokument – noko XHTML-sider er. Alle lenkjer har ein lenkjetekst, som er den teksten me aktiverer (trykker på) for å følgja lenkja. Men lenkjetekstane er ofte dårlige, og forstyrrar lesinga. I denne artikkelen skal me derfor sjå nærare på korleis lenkjetekstar bør, og ikkje bør, vera utforma.
Lenkjeròte og vidaresending – 2005-06-08
Internett er full av lenkjer som ikkje går nokon plass – brotne lenkjer. Dette er verken ønskelig eller nødvendig. Denne artikkelen handlar om brotne lenkjer, og om korleis du unngår dei ved å bruka automatisk vidaresending.
Skikkelige bloggadresser – 2005-06-06
Etter mykje om og men har eg endelig fått skikkelige adresser på bloggen. Ingen fleire kryptiske tal og unødvendige datoar!
Brukarvenlige nettsidebilde – 2005-05-17
Bilde på nettsider tar lang tid å lasta ned, og me vil derfor gjera bildefilene minst mulig. (Nokre av oss brukar framleis modemsamband, og mobilbaserte nettlesarar er på full fart inn!) Løysinga er sjølvsagt komprimering, som gjer at bilda tar mindre plass, med held same, eller nær same, kvalitet. Men overraskande nok er det ofte meir brukarvenlig å gjera filene litt større. Grunnen er ein lite kjend funksjon i PNG-standarden.
Ny stil på bloggen – 2005-05-07
Huftis’ blogg har fått ny utsjånad til våren. I år har eg satsa på ein minimalistisk stil.
Haikerens guide til galaksen – 2005-04-27
I kveld kan me kosa oss med den tøysete og humoristiske framtidsfabelen Haikerens guide til galaksen.
Brukarvenlige nettsideskjema – 2005-04-23
Dei fleste nettsideskjemaa er unødvendig lite brukarvenlige. Her er ein lite kjend teknikk som hjelper litt.
GCompris – 2005-04-18
GCompris er eit flott og fritt leik og lær-spel med mange forskjellige aktivitetar for ungar mellom 2 og 10 år, og er fullstendig omsett til nynorsk og bokmål. Sjå demonstrasjonsfilm her!
Ny kontaktkanal – 2005-04-06
Du kan no senda lynmeldingar til meg – over Jabber.
TUX – Linux for nybegynnarar – 2005-04-02
TUX er eit nytt datablad med ei uvanlig målgruppe: ferske Linux-brukarar.
Ein levande papirdrake, samt andre illusjonar og triks – 2005-03-20
Ein papirdrake som beveger hovudet av seg sjølv og følgjer deg med auga rundt i rommet? Ja, det finst faktisk! Skriv og klipp ut, lim saman og imponer venner og kjende. Her finn du òg anna utskrivbar moro til underhaldning i påska.
Typografisk håndbok – 2005-03-08
Typografisk håndbok er eit oppslagsverk og ei rettleiing i norsk typografi, skriven av Christer Hellmark. Boka kom opphavlig ut på svensk i 1991, men er no omsett og tilrettelagt til norsk. Innhaldsmessig er boka stort sett bra, men typografisk gjev ho litt blanda signal.
Valentinsdagen – 2005-02-14
I dag, 14. februar, er det valentinsdag, på riktig amerikansk maner. Men heldigvis har me norske namn på dagen.
Innbrot i bloggen – 2005-01-29
Det har vore innbrot i bloggen, grunna eit alvorlig tryggleikshol i logganalysatoren AWStats.
Kvinnen i sjøen – som radiohørespel – 2005-01-08
NRK Radioteatret sender Raymond Chandlers krimklassikar som hørespel!
Zwarte Piet og Klabutong – 2004-12-21
Eg har omtalt to nye julespel.
Rulett og myntkast i det lange løp – 2004-12-19
Ruletthjulet har landa på raud 5 gongar på rad. Kva satsar du på?
Julete bakgrunnsbilde – 2004-12-12
Eg prøver å bygga opp ei lita, privat samling med nydelige bakgrunnsbilde som passar no i desse juletider. Kan du hjelpa?
Jul med Tux – 2004-12-03
Me pyntar til jul med Linux-maskoten Tux.
Korfor du ikkje skal bruka oppløysinga 1280 × 1024 – 2004-11-27
Brukar du skjermoppløysinga 1280 × 1024 bør du trulig slutta med det. Her er grunnen.
Tux Paint 0.9.14 er ute – pressemelding – 2004-10-12
New Breed Software lanserer ny utgåve av leiande open kjeldekode-basert teikneprogram for barn.
IFComp 2004 – 2004-10-04
No er det endelig klart for den årlige teksteventyrkonkurransen igjen.
Forskingsdagane 2004 – 2004-09-17
Endelig er det tid for forskingsdagane igjen!
T-skjortebretting – 2004-08-23
Ein genial, kjapp og utrulig stilig måte å bretta T-skjorter på.
I Have No Tomatoes – 2004-08-11
Eg har omtalt tomatsprengingsspelet I Have No Tomatoes.
Little Miss Spider – 2004-07-08
Ein utrulig søt, liten animasjonsfilm.
Korleis Linux kan sjå ut – 2004-07-05
Eit eksempel på korleis Linux kan sjå ut. Ikkje ei kommandolinja i sikte!
Songfretting – 2004-06-28
Det er klart for ei prestisjefull lita songfretting i bloggen.
Tux Typing 1.5.3 ute – 2004-06-18
Ei ny utgåva av tastetreningsprogrammet Tux Typing er no klar.
Enkel validering av XHTML-fragment – 2004-06-15
Programbokmerke for enkel og rask validering av XHTML-fragment, for eksempel i blogginnlegg.
The Apprentice – 2004-06-13
Eg har anmeldt eventyrspelet The Apprentice.
Den gode, den vonde og den hjartelause – 2004-06-06
NRK2 sender westernklassikaren Den gode, den vonde og den hjartelause – ein av dei flottaste filmane som er laga. Få denne med deg!
Morgonritualet – 2004-05-30
Tid for kortfilm! Denne kan du lasta ned.
Ungen (den eldre) –
I kveld klokka 18:25 sender NRK2 filmen Ungen frå 1938. Dette er altso ikkje musikalfilmen frå 1974, men ein vanlig spelefilm.
Gamle flasker blir som nye – 2004-05-15
Korleis få gamle, brukte plastflasker reine og klåre.
Ungen – 2004-05-01
I dag, laurdag klokka 12:55 sender NRK1 den norske musikalfilmen Ungen, etter Oskar Braatens skodespel. Anbefalt!
Visumplikt – 2004-04-18
Det får då vera grenser for visumplikt!
Cubert Badbone, P.I. – 2004-04-17
Eg har anmeldt eventyrspelet Cubert Badbone, P.I..
Noen har det hett – 2004-03-30
Onsdag kveld 2004-03-31 sender NRK2 den kritikarroste komedien Noen har det hett (Some Like It Hot), som musikalen Sugar, tidligare omtalt, er basert på.
Sugar – 2004-03-28
Eg har vore og sett musikalen Sugar her i Bergen. Og det var fryktelig kjekt!
Utrekning av z-verdiar med Casio-lommereknarar – 2004-03-14
Eit ekstremt kjapt, nøyaktig og lite program for utrekning av z-verdiar til standard normalfordelte variablar, laga for Casio-lommereknarar.
Don Giovanni i Bergen – 2004-03-12
I går var eg og såg Mozarts komiske opera Don Giovanni her i Grieghallen i Bergen.
Oppdatert om lagring av Internett-radio lokalt – 2004-02-15
Eg har oppdatert artikkelen om korleis ein kan lagra Internett-radio lokalt, heilt automatisk. Det nye systemet er mykje enklare å setta opp.
Zep’s Dreamland – 2004-01-17
Eg har anmeldt tenkespelet Zep’s Dreamland.
Home for Christmas – 2003-12-12
Anne Sofie von Otters Home for Christmas frå 1999 er den beste juleplata eg veit om.
Val av nettsidefargar – 2003-11-30
Det er ikkje lett å finna gode fargar som passar saman når ein lagar nettsider. Her nokre nyttige verktøy til hjelp med dette.
Being John Malkovich – 2003-11-29
I kveld sender NRK2 filmen Being John Malkovich.
Tre julegåvetips – 2003-11-21
Eg har sett tilbake på året som har gått, og plukka ut tre tidligare omtalte ting her på bloggen som eignar seg utmerka til julegåver.
Rigoletto – 2003-11-15
NRK2 viser operaen Rigoletto i kveld, i opptak frå Den Norske Opera.
Et dukkehjem – 2003-11-08
Eg har vore og sett Den national scenes oppsetting av Ibsens Et dukkehjem.
Den store kinodagen – oppsummering – 2003-11-01
Tre filmar har eg sett på kino denne dagen, og her er mine tankar om dei.
Den store søvnen – som radiohørespel – 2003-10-31
NRK Radioteatret sender Raymond Chandlers krimklassikar – no som hørespel!
R og emacs på Windows –
Korleis få statistikkprogrammet R og skriveprogrammet emacs til å fungera saman på Windows.
Slutt på sommartid – 2003-10-26
Viss du ikkje har gløymt det, skal du no ha stilt klokka éin time tilbake, til vintertid.
Den store kinodagen – 2003-10-24
Laurdag 1. november er «Den store kinodagen» over heile landet.
Enkle menyar og sideoppsett – 2003-10-22
Her er ei tenesta for automatisk generering av flotte menyar på nettsider.
Psycho – 2003-10-15
I kveld sender NRK2 klassikaren Psycho, frå 1960.
Emballasjeopnarar – 2003-10-12
Eg føler eit sterkt hat til emballasjeprodusentar, spesielt til dei som lagar emballasje til CD-ar. Men det finst ei løysing.
Icy Tower – 2003-10-11
Ein ny versjon av spelet Icy Tower er ute.
Statistikkordlista – 2003-10-09
Eg har lagt ut ei kort engelsk–norsk statistikkordlista.
Pirates of the Caribbean – 2003-10-08
Eg har vore på kino og sett filmen Pirates of the Caribbean.
RSS-kanalar – 2003-10-04
RSS-«feeds» eller RSS-kanalar?
IFComp 2003 – 2003-09-29
No er det endelig klart for den årlige teksteventyrkonkurransen igjen.
Dustefjerten og den store sommarferieturen –
Rune Belsviks Dustefjerten og den store sommarferieturen går som opplesingsserie i Barnetimen denne veka, og nokre veker framover (med pausar innimellom).
Omsetting av musikalfilmar – 2003-09-26
Det er fryktelig vanskelig å teksta musikalfilmar på norsk, med alle rima og rytmen i songane. Likevel har me eit par imponerande eksempel på at det lar seg gjera.
Stadfesting av bloggar – 2003-09-20
Du kan markera kor bloggen din hører heime geografisk, og kan då lett finna andre bloggar(ar) som held til i nærleiken.
Moderne tider – 2003-09-19
Eg har vore på kino og sett den klassiske filmen Moderne tider, med Charles Chaplin i hovudrolla.
Ludde – 2003-09-15
Føler du deg sinnsfrisk? For sinnsfrisk? NRKs dramaavdeling er då som som ofte før til hjelp.
Beneath a Steel Sky – 2003-09-13
Eg har anmeldt det klassiske eventyrspelet Beneath a Steel Sky, som no er tilgjengelig gratis, og med støtta for alle nyare operativsystem.
Elskovsdrikken – 2003-09-06
Eg har sett ei innspeling av operaen Elskovsdrikken, med Angela Gheorghiu og Roberto Alagna i hovudrollene.
Litt om form og innhald – 2003-09-02
På grunnlag av nokre kommentarar av den relative viktigheita av form kontra innhald vil eg seia noko om nettopp dette.
Kommentar-RSS – 2003-09-01
Kommentarane i denne bloggen er no tilgjengelig i RSS-format.
Løp Lola løp – 2003-08-30
I kveld sender NRK2 den geniale, tyske filmen Løp Lola løp.
Radio- og fjernsynsarkiv – 2003-08-25
BBC vil gjera heile programarkivet sitt tilgjengelig gratis på Internett.
Harry – bit for bit – 2003-08-23
I kveld sender NRK1 Woody Allen-komedien Harry – bit for bit.
Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse 2003 – 2003-08-21
Denne fredagen er finalen i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse 2003.
Google-kalkulatoren – 2003-08-15
Søkemotoren Google har no fått ein innebygd kalkulator. Og han støttar ikkje so reint lite.
Ein god brødkniv – 2003-08-12
Eg har ein litt spesiell, men usedvanlig god og behagelig brødkniv.
Grøn stil – 2003-08-10
Bloggen er no blitt grøn.
Speak Freely er død – 2003-08-01
IP-telefoniprogrammet Speak Freely vert ikkje lenger utviklinga, og alle tilhørande tenester vert lagt ned.
Blade Runner – 2003-07-25
I kveld har TV 2 bestemt seg for å senda ein god film, for ein gongs skyld. Og spelet basert på filmen er like bra.
Home – A Short History of an Idea – 2003-07-21
Eg har lesa den fascinerande boka Home – A Short History of an Idea.
Etter ordre – 2003-07-19
Ein film om maktmisbruk, og om menneske som berre handla «etter ordre». Ein skremmande, og god film, basert på ei sann historia.
Ein bil, to potteplanter og tre dører – 2003-07-17
Tenk deg at du er trekt ut til å delta i eit fjernsynsprogram, der du får sjansen til å vinna ein dyr, fin, raud bil.
Lotto og sannsynsrekning – 2003-07-15
Er alle lottorekker like sannsynlige? Svaret er ja, og denne artikkelen viser korfor, utan bruk av matematikk.
Charlie’s Angels: Full Throttle – 2003-07-12
I går var eg og òg såg Charlie’s Angels: Full Throttle på kino. Men det var ikkje med vilje.
Carmen – 2003-07-11
Eg har sett eit opptak av operaen Carmen, med Agnes Baltsa og José Carreras i hovudrollene.
Oy – 2003-07-09
For dei som ikkje bur i nærleiken av ein Oy-butikk skal eg fortella litt om kva dette går ut på.
Reservekopiar – 2003-07-07
La oss tenka oss at harddisken din krasja, og du mista alt som var på han.
Akuji the Demon (魔王�?�アクジ) – 2003-07-05
Eg har anmeldt plattformspelet Akuji the Demon (魔王�?�アクジ).
Kanoniske nettadresser – 2003-07-04
Fleire adresser som peikar til same sida er uheldig. Løysinga er «kanoniske nettadresser».
Kjære Maren – 2003-07-03
NRK1 sender i dag filmen Kjære Maren, basert på Oskar Braatens roman Bak høkerens disk.
Detaljar om lagring av Internett-radio – 2003-07-02
Ei detaljert oppskrift på automatisert opptak og lagring av Internett-radio.
Mine tankar om Echo – 2003-06-30
Eg har ikkje hatt stor tiltru til Echo-prosjektet, og det ser dessverre ut til frykta var velgrunna.
Norsk film i sommar – 2003-06-23
NRK1 sender norske filmar kvar einaste dag i heile sommar.
Lagring av Internett-radio lokalt – 2003-06-22
Korleis lagra direktesendt Internett-radio lokalt for seinare lytting.
NRK-radio over Internett – 2003-06-21
Hør NRK-radio over Internett med god lydkvalitet.
The Breakdown – 2003-06-20
Eg har anmeldt eventyrspelet The Breakdown.
Fem nye plater til – 2003-06-19
Fem nye plater er lånt på biblioteket.
Organdonasjon – 2003-06-18
Viss hjertet eller levera di svikta, ville du då vore villig til å ta imot eit donert organ – eller hadde du heller føretrekt å dø? Ikkje alle får ta dette valet. Når du dør, treng du ikkje organa dine lenger. Men det gjer andre.
Den store søvnen – 2003-06-17
NRK2 sender detektivfilmen Den store søvnen i kveld. Dette er ein av dei aller beste filmane eg veit om!
Eyes Wide Shut – 2003-06-16
NRK2 sender kvalitetsfilmen Eyes Wide Shut i kveld.
Arthur – 2003-06-11
NRK2 sender komedien Arthur i kveld.
Out Of Order – 2003-06-07
Eventyrspelet Out Of Order er gratis og omtalt på spelsida mi.
Teksttolking – 2003-06-02
I dag står teksttolking på programmet.
The Year That Was – 2003-05-31
Tom Lehrers The Year That Was er av dei morosamste satireplatene som er laga.
Callas’ Tosca – 2003-05-29
Om då eg lånte ei innspeling av operaen Tosca på biblioteket.
Google Alert – 2003-05-21
Google Alert er ei tenesta som sender deg e-post når Google har indeksert nye sider som inneheld dine søkeuttrykk.
Nasjonalsongen – 2003-05-16
Eg har fått ein kommentar på at eg er for positiv til tinga eg skriv om. For å gjera alle fornøgde skal eg derfor denne gongen ta for meg noko fryktelig negativt.
Realfaglige referanseark – 2003-05-12
No er det eksamenstid, og då er det greitt å ha nokre referanseark som oppsummerer pensum. Her finn du referanseark for realfag.
9:05 – 2003-05-11
Eg har spelt teksteventyrspelet 9:05, og likte det veldig godt.
Ulovlig e-postreklame – 2003-05-08
Eg har mottatt ulovlig e-postreklame, og har klaga. I dag fekk eg svar.
I blanke messingen – 2003-05-07
Eg har vore og sett sceneversjonen av I blanke messingen. Det var kjempekjekt!
Fem nye plater – 2003-05-06
Eg har vore på biblioteket og lånt fem nye plater.
Nettsidestandardar – 2003-05-05
To artiklar om nettsidestandardar som absolutt er verdt å ha lest.
Cabaret – 2003-05-02
Eg har nylig sett filmversjonen av musikalen Cabaret.
Automatisk nettsidetesting – 2003-05-01
Eg kom over ei tenesta som kan ta bilde av nettsider i ein haug forskjellige nettlesarar.
Interrobang – 2003-04-29
Interrobangen er eit undervurdert og flott skiljeteikn.
Litt meir om bloggen – 2003-04-28
Ymse strøkommentarar om bloggen min, og korleis han er utforma.
Lenkjesjekking – 2003-04-27
Eit lenkjesjekkingsprogram er heilt nødvendig å ha, og her er det beste eg har funne.
Ozzie and the Quantum Playwright – 2003-04-26
Endelig har eg fått somla meg til å publisera ein ny omtale av eit nytt gratisspel på spelsida mi.
Norsk forsking på spam – 2003-04-25
Gisle Hannemyr prøver å kartlegga kor spammarar får adressene sine frå.
Sjølvmelding eller selvangivelse – eit vondt møte med moderne teknologi – 2003-04-23
Eg leverte sjølvmeldinga over mobiltelefon, og fekk kvittering på bokmål!
Dumme søkemotor – med eit par lyspunkt – 2003-04-22
Det finst ufattelig mange dårlige søketenester, og nokre få veldig gode.
Brasils hjarta – 2003-04-20
NRK2 er den beste filmkanalen, og i går sendte dei den flotte filmen Brasils hjarta.
Påskeparaden – 2003-04-16
I går gjekk musikalfilmen Easter Parade på fjernsynet. Herlig!
Siste nytt på éin plass – 2003-04-10
Mylder er ein nettstad som samlar alle dei siste nyheitene på éi sida. Veldig praktisk!
FTP med sitecopy – 2003-04-08
sitecopy er eit nyttig program som kan spara deg for mykje tid ved opplasting av nettsidene dine.
Publisitet – 2003-04-07
Folk lenkjer til bloggen min. Og det er jo litt kjekt!
Gratis musikk frå biblioteket – 2003-04-04
Eg har endelig tatt turen til biblioteket, og lånt nokre gode plater.
Ein blogg – 2003-04-02
Endelig har eg òg laga meg ein blogg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.