Eg har no lagt ut versjon 2009-06-07 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Her er dei viktigaste endringane i denne versjonen:
- Alle skripta (med det naturlige unntaket
bash_completion
) er no fullstendig POSIX-kompatible, og skal derfor òg fungera perfekt i alle andre POSIX-kompatible skal, ikkje berre i BASH. Det same gjeld bruk av hjelpeverktøya (somgrep
ogsed
). - Brukar no verktøyet
look
(del avutil-linux-ng
-pakken) for over 10 gongar so raske ordbokoppslag. Viss dette programmet ikkje er installert (lite trulig), fell me tilbake på den gamle, trege metoden. - Brukar optimerte/kompilerte ordlistefiler. Dei installerte filene er no rundt 35 % mindre, og går derfor litt raskare å slå opp i (sjølv om ein brukar «gamlemåten»). Det negative er at det tar ganske lang tid å generera filene.
- Støtte for
DESTDIR
-variabelen ved installering. Takk til Ketil Kvifte for dette. - Retta veldig mange småfeil (nokon som kom av optimeringsendringane over). Sjå SVN-loggen for fullstendig oversikt.
- Oppdatert fullformsordlistene til 2009-06-07-utgåva frå Norsk ordbank.
- La til oversikt over større endringar (denne lista!).
Meir informasjon finn de på heimesida og prosjektsida. De kan lasta ned programmet frå nedlastingssida.
Tilbakemeldingar er hjertelig velkomne. Legg igjen ein kommentar her, delta på e-postlista vår, eller send ein e-post direkte til meg.
Fortsett det gode arbeidet, Karl Ove! Jeg har tidligere brukt et nøkkelord («ordbok») i Firefox for å slå opp i bokmålsordboka på dokpro.uio.no. Ganske effektivt når man kan snarveien for å komme til adressefeltet i Firefox, men skriptet ditt er suverent. Takk.
Takk for det, Hans Fredrik. Eg brukte sjølv eit slikt nøkkelord i Firefox (og Mozilla) før, men no har eg gått over til eit lite kommandolinjeskript som brukar ELinks til å slå opp i ordbøkene og visa resultata som ein tekstbasert tabell. Synest det er kjappare og greiare enn å bruka Firefox.