E-postproblem og adresseinformasjon
19. juli 2005
Eg oppdaga tilfeldigvis at eg i det siste har mista mykje av e-posten eg har fått tilsendt. Grunnen var ein feil i e-postmottakingsprogrammet eg brukar.
So viss du har sendt meg ein e-post du saknar svar på, venligst send han på nytt. Eg pleier svara på alt (med tid og stunder). Hugs òg at du kan senda meg lynmeldingar. Dette er den føretrekte kontaktmåten om du ønskjer svar kjapt.
E-postadressa mi er som alltid karl@huftis.org. Eg har òg eit elektronisk visittkort (vCard) du kan importera til adresseboka di. Og har du eit skikkelig e-postprogram, vil det då kunna oppdatera adresseinformasjonen regelmessig – heilt automatisk.
Emne: Ymse