Jesro Christoffer Cena har fleire gongar tipsa om korleis ein kan bruka vassflasker med is og vatn til å kjøla seg ned i varmen. Men etter litt tids bruk blir flaskane gjerne uklåre, og ser skitne ut. Skylling med vanlig oppvaskmiddel hjelper ikkje.
Løysinga er kanskje overraskande enkel. Fyll flaska med litt klor og litt vatn. Rist godt, og flaska er brått krystallklår og rein, og god som ny. Hugs å skylla ho grundig med reint vatn etterpå.
Men er flaska blitt reinere?
Eller er et uskadelig grått belegg erstattet av masse usynlige men suspekte klorforbindelser?
Ja, flaska er blitt reinare. Klor verkar som kjent desinfiserande. Belegget (som heller er brungrønt enn grått) vil typisk vera grobotn for bakteriar, og potensielt altso ikkje «uskadelig». (Men i praksis vil det sjeldan vera serlig skadelig heller, med mindre du aldri vaskar flaskene.) Klor løyser seg raskt og lett i vatn. Det består hovudsaklig natriumhypokloritt, som blir broten ned til koksalt og oksygen.
Med andre ord, klor er heilt uproblematisk å bruka til å skylla flasker med, og det fungerer utrulig godt til dette.
Skulle berre ønske varmen her i Bergen var litt meir plagsom, slik at ein verkeleg kunne ha glede av tipset mitt. Akkurat no frys eg litt for mykje …