Karl Ove Hufthammer

Visuell nyheitsframstilling

Designen på nettaviser varierer ein del, men ofte er han rotete (synest eg), og ein får plass til lite på skjermflata.

Kva med fjerna alt dilldall? Ein ekstrem variant er å kutta vekk alle bilde, lenkjer og tomrom, og berre visa overskrifter. Prøv for eksempel newsmap. Eller ein kan kutta vekk all tekst, og berre visa bilde. For å prøva ut sistnemnte har eg laga eit lite R-skript som gjer forsida til NRK om til ei 100 % visuell nyheitsoversikt:

[Skjermbilde frå visuell forside til NRK.no.]

Når ein køyrer skriptet, får ein opp ei nettside slik som på bildet ovanfor. Ein kan halda peikaren over eit artikkelbilde for å sjå overskrifta (sjå bilde fire på rad to frå toppen), eller trykka på bildet for å hoppa rett til artikkelen. Enkelt og kjapt. Bruk eventuelt «Ctrl + rullehjul» for å få mindre eller større bilde.

Køyr skriptet med kommandoen Rscript visuell-nrk.R – for eksempel kvar morgon, og nyt frukosten med fine bilde og nyheiter! ☺

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.