Karl Ove Hufthammer

Slogans

Godfilmvarsel: I kveld sender NRK2 filmen Slogans frå 2001, den beste albanske spelefilmen iallfall eg har sett. Og når eg såg han på kino, var eg den einaste i salen, so dette er utvilsamt ein film som fortener eit større publikum.

Bakgrunnshistorien i filmen (som eg ikkje vil røpa meir om) er ein av dei meir absurde eg har opplevd, men kanskje det mest spesielle og fascinerande med han, er at han er basert på verkelige hendingar.

Filmen begynner i kveld, laurdag, klokka 22:00 på NRK2. Få han med deg!

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.