Karl Ove Hufthammer

Carmen

Eg har vore på biblioteket og lånt ein DVD av operaen Carmen, med Agnes Baltsa og José Carreras i hovudrollene. Filmen er eit opptak av ei framsyning på The Metropolitan Opera i New York, gjort i 1987.

For å begynna med det viktigaste: Er Agnes Baltsa den «perfekte» Carmen? Eg må dessverre svara nei. Sjølv om Baltsa heilt klart har stemmen som trengst, klarar ho ikkje å spela Carmen. Rørslene og dei få dansetrinna ho tar verkar innøvd og fryktelig unaturlige. Når ho i éi scena hoppar ned frå eit bord, verkar ho nesten redd for å brekka beina.

Ho klarar rett og slett ikkje å leva seg inn i rolla, og manglar den sensualiteten, utstrålinga og ikkje minst råskapen som Carmen skal ha. Og ho er òg litt for gammal for rolla, etter mi meining (jamfør bordhoppinga).

I nokre scener ser me kor populær og beundra Carmen er. Dette vert rett og slett ikkje truverdig med Baltsa i hovudrolla; det er nok av jenter blant statistane som ser både vakrare og meir «sexy» ut!

Men no er eg kanskje for kritisk. Baltsa gjer ein fin innsats, og er faktisk ganske god, spesielt i dei seinare aktene. Men ho er ikkje Carmen.

José Carreras er kanskje heller ikkje den perfekte Don José, men han gjer ein meir enn brukbar jobb. Elles er det Leona Mitchell som Micaëla som imponerer mest. Ho har ein fantastisk stemme, og klarar å utnytta denne til fulle, og verkelig gjera det beste ut av den heller kjedelige og uinteressante rolla Micaëla er. Om eg skal seia noko negativt, må det vera at stemmen kanskje er for god for rolla.

Men det er nokre andre som òg imponerer, og det er statistane og dei ulike bipersonane. Desse (og dei er mange!) «spelar» veldig godt, med utmerka mimikk. All ros til han eller ho som har «koreografert» dei; vedkommande har gjort ein fantastisk jobb. Kvar og ein av statistane har sitt eige liv; det er små minihistoriar, fulle av artige detaljar, me blir presentert for ved å sjå på dei. Det er nesten som ein får lyst til å sjå filmen om igjen, og berre følgja med på statistane.

God scenografi er noko eg set stor pris på (og dårlig scenografi er noko eg tilsvarande avskyr), og denne oppsettinga skuffar heller ikkje her. Kostymene til både hovudrolleinnehavarane og statistane er skikkelig gode, men det som imponerer mest, er dei utrulig forseggjorte kulissane og dekorasjonane. Det heile ser faktisk ekte ut. Eg kan ikkje sjå for meg det gjort betre, og ein skulle nesten tru det var laga for ein film – ikkje ei operaoppsetting!

Når det gjeld det litt meir tekniske, er dette ei DVD-utgjeving basert på eit opptak frå 1987. Her har eg litt meir å utsetta. Opptaket er gjort i vanlig 4:3-format (for fjernsynsvising). Dette er for so vidt greitt nok, og utmerka filma, men eg hadde føretrekt breiformat. Scenestykket er jo nesten som skapt for å filmast i dette formatet.

Bildekvaliteten er heller ikkje heilt god, og bildet er ofte litt uskarp. Men dette er ikkje plagsomt, og ikkje noko ein vanligvis legg merke til (jamfør oppslukinga nemt ovanfor).

Filmen er regissert av Brian Large, som står bak fleire operainnspelingar enn nokon annan. Dette bør me vera glade for, då han vanligvis gjer ein framifrå jobb, og dette er ikkje noko unntak!

Alt i alt er dette er ein flott Carmen, på nesten alle måtar. Det er vanskelig å ikkje verta oppslukt i handlinga, og den herlige musikken (orkesteret gjer for øvrig ein kjempejobb!). Varmt anbefalt!

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.