Oy
9. juli 2003 (oppdatert 31. mai 2009)
For dei som ikkje bur i nærleiken av ein Oy-butikk skal eg fortella litt om kva dette går ut på.
Oy er ein sokalla «ekstrem lågpris»-dagligvarekjede, og er på den måten ei slags vidareføring av Rema og Rimi og andre lågprisbutikkar. Noko av det som gjer Oy billigare, er det sterkt avgrensa vareutvalet. Her finst berre dei mest vanlige varetypane.
I tillegg finst kvar varetype berre i billigaste variant. Ein finn ein altso ingen økologiske egg eller reingjeringsmiddel med svanemerke (med mindre desse tilfeldigvis er billigast, noko som er lite sannsynlig). Butikken har òg ein del «alternative» merke, som billig brus frå Brænne Mineralvatn (kr. 7,90 pluss pant for 1,5 liter brus!).
Men det som skil Oy mest frå andre butikkar, og som er det mest interessante, er det heilt sjølvbetente kassasystemet. Du held strekkoden på varene opp framføre ein strekkodelesar, og legg dei so på eit rulleband som fraktar dei til, vel, slutten av rullebandet, der du kan pakka dei i posar. Du betalar so direkte med kort, eller kan ta med deg kvitteringa bort til ein betent (!) kasse og betala kontant.
Det er fleire ting eg ikkje har serlig sans for med Oy og liknande ekstremprisbutikkar, men sjølvbetent kasse er ein skikkelig god idé – ein eg gjerne skulle sett tatt i bruk fleire plassar.
Til slutt: Oy reklamerer sjølv med «forbausande låge prisar», og det store spørmålet er då om dei er noko billigare enn andre dagligvarebutikkar. Eg har ikkje gjort noko systematisk samanlikning sjølv, men ifølgje ein test i Bergens Tidende [som ikkje lenger ligg på nett] so er dei faktisk det.
Emne: Ymse
Kommentarar
-
-
Ja, det er ingen tvil om at sjølvbetente kassar vil fungera minst like godt i butikkar med stor utval (og høgare prisar). Eg reknar med me vil sjå meir av dette i framtida.
Elles ser eg at du skriv «inntektsøkning». Meiner du her høgare fortenesta eller faktisk òg ei auka i inntekter?
-
Er ein fødd og oppvaksen på Sunnmøre, så er Brænne Mineralvatn (eit selskap frå Volda nyttar sjølvsagt nynorsk) eit like alternativt merke som Hansa i Bergen. 😉 Har forøvrig 5 liter Brænne-brus som eg fekk med meg heimanfrå tidlegare i sommar. Men no er dei altså å finne i Oy? Får håpe dei tek inn safta til Brænne òg …
-
Ja, Oy satsar tungt på Brænne (men eg anar ikkje om dei har tatt inn safta).
Elles var det veldig kjekt å sjå at dei bruker nynorsk på brusetikettane!