Karl Ove Hufthammer

Enkel validering av XHTML-fragment

Eg har tidligare skrive om Jesse Ruderman sine flotte programbokmerke, små programsnuttar du kan lagra som bokmerke. Nylig la han til nokre som er serlig nyttige for oss bloggarar.

Dei nye bokmerka har namn som «blogidate html4.01 transitional», og tar kort sagt og kjører (X)HTML-kode i tekstfelt gjennom tilhørande validator (med nødvendig topp- og botntekst lagt til), og viser resultatet i eit nytt vindauge.

Eit typisk bruksområde er skriving av blogginnlegg eller kommentarar til desse. Berre eitt trykk på bokmerket, og innlegget og kommentaren er sjekka for eventuelle syntaksfeil. Eg har brukt bokmerket nokre veker no, og har hatt stor glede av det. Aldri meir ugyldige blogginnlegg!

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.