Av og til har ein behov for å laga kart som viser korleis eit geografisk område er delt inn, basert på observasjonar i området. Denne artikkelen viset eit eksempel på korleis me lett kan gjera dette automatisk. Ved av hjelp av frie verktøy og frie data lagar me eit postnummerkart basert på posisjonane til enkeltpostnummer. [Heile artikkelen]
27. januar 2012 (oppdatert 28. januar 2012)
Rundt år 2000 dukka bilspelet TuxKart opp, sterkt inspirert av Mario Kart. Det hadde kjip grafikk og var ikkje noko gøy å spela. Dei neste åra vart det forbetra, men det var framleis kjipt – kjipt men lovande. Til slutt stoppa utviklinga heilt opp. Men spelet var fri programvare, so andre kunne ta tak i det og utvikla det vidare. Og no, mange år seinare, har me endelig fått eit kjempegøy bilspel med flott grafikk og musikk, under namnet SuperTuxKart. Og i siste versjon har me det òg på nynorsk! [Heile artikkelen]
17. juli 2011
Eg har no lagt ut versjon 2010-05-11 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Det er ikkje so mange endringar i sjølve programmet, men fleire i fullformsordlistene, og det var på tide å få ut ein ny versjon. [Heile artikkelen]
11. mai 2010
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.