Karl Ove Hufthammer

Styrekula Logitech TrackMan Marble+

Musa er av dei mest brukte inneiningane for datamaskiner. Men denne gnagaren har ein interessant slektning, styrekula. I denne artikkelen fortel eg om mine erfaringar med ei Logitech TrackMan Marble+-styrekula – ei styrekula eg til slutt vart svært glad i.

Historikk

Som databrukar i ein god del år har eg vore i kontakt med fleire mus, av varierande kvalitet. Den første var ei AMX-mus til ei 8-bits maskin, Amstrad CPC464, som kom ut i 1984! Hadde eitt program eg kunne bruka ho med – eit relativt dårlig teikneprogram på kassett. Etter dagens standard var ikkje denne musa serlig bra.

Seinare brukte eg fleire andre (betre) mus, men hadde lenge eit ynskje om ei styrekula. Eg hadde jo hørt mykje om desse, kor mykje meir behagelig dei var å bruka, og at dei i stor grad forhindra den sokalla musesjuka.

Ei styrekula er ei slags opp-ned-mus, der kula er på toppen. I motsetning til ei mus står styrekula i ro – du treng ikkje røra ho. Du styrer peikaren ved å røra sjølve kula (på toppen).

Kjøpet

Vel, ein dag i august 1999 var eg i ein Binders-butikk og fekk auga på nokre styrekuler. Eg tenkte at no var det på tide eg fekk meg ein skikkelig peikereiskap. Valet fall på ei Logitech TrackMan Marble+ for rundt femhundrelappen. Prisen kunne då kanskje verka litt i høgste laget, men når det gjeld styrekuler (og mus og tastatur) meiner eg ein bør heller betala litt meir for å få eit kvalitetsprodukt. (Det var forresten tre-års garanti.)

Og eit kvalitetsprodukt var det. Det eg hadde hørt om Logitech-produkt før har vore udelt positivt, og eg kan slutta meg til denne meininga. Nytt med styrekuler i denne nye serien frå Logitech skulle visstnok vera optisk avlesing, noko som blant anna ville gjera styrekulene nærmast vedlikehaldsfri. Sjå elles ein artikkel digitoday.no om dette.

Styrekula var sjølvsagt ergonomisk utforma til å passa perfekt i handa (so lenge du brukar høgrehanda). I likskap med mange mus og styrekuler som kom på marknaden då (og no), var òg denne utstyrt med hjul.

Rulling og forstørring

Hjulet vert brukt til å rulla med, i staden for rullefeltet. Ein berre ruller på hjulet og vindauget ruller. Dette verkar i alle typar vindauge, til òg med i listebokser og liknande. Ein ganske praktisk funksjon er at ein kan rulle eit vindauge utan at dette har fokus. I mange e-postprogram er det for eksempel tre ruter: ei mappeliste, ei meldingsliste og ei meldingsvisingsrute. Her kan ein rulle kvar av desse, berre ved å halda peikaren over eit vindauge og bruka hjulet.

Denne styrekula inneheld òg ein autorullingsfunksjon viss ein brukar Windows. Om ein trykk inn hjulet, dukkar det opp eit symbol der peikaren var. Ved ta peikaren over eller under eller til sida for dette, vil vindauget rulle automatisk – i ein fart som varierer med avstanden til symbolet. Veldig praktisk viss ein skal lesa lange dokument. I program som Microsoft Word 97, 2000 eller nyare, og i Microsoft Internet Explorer vert i tillegg autorullinga sers jamn/flytande. Hjulet kan òg fungera som ein tredje knapp eller tilleggast andre funksjonar.

Hjulet har faktisk endå ein funksjon, nemlig forstørring. Ved å halda inne Ctrl-knappen og rulla på hjulet vil du kunna forstørra skjermbildet. Dette fungerer i iallfall fire Windows-program – MS Word, MS Internet Explorer og i nettlesarane Mozilla og Opera 4 og høgare. I Internet Explorer blir tekststorleiken større og i Word blir dokumentet forstørra. I Opera blir både tekst og bilde forstørra, på same måte som når du brukar forstørringsfunksjonen.  I Linux fungerer det i dei fleste nettlesarar, teksthandsamingsprogram og dokumentvisarar.

Teknisk sett fungerte styrekula utmerka. Installasjonen gjekk fint ved å bruka dei to medfølgjande diskettane. Det einaste problemet var Windows som heller prøvde å installera sine gamle drivarar til styrekula. Det første eg gjorde etter installasjonen var å gå til Logitech sine nettsider for å lasta ned den aller nyaste versjonen av drivarane. Dette kan ha spart meg for fleire problem og veldig lurt å gjera. Seinare har eg sett at drivarane har blitt oppdatert fleire gonger. Regelmessige besøk på denne sida er derfor ikkje dumt.

Jamn rørsle

Det følgde med eit program slik at ein kan stilla inn programmet etter eins behov (fart, akselerasjon, funksjonstilordningar for knappane og liknande. Dette fungerte fint. Eg bør vel òg nemna at styrekula kan koplast til både seriell- og PS/2-porten (det følgjer med ein adapter for seriell-porten).

Eg valde først seriell-porten, men ombestemte meg raskt. Grunnen var at programmet PS2Rate berre verkar med PS/2-mus (derav namnet). Dette er eit program som gjer at peikaren rørar seg mykje jamnare over skjermen. Det blir lettare å plassera han nøyaktig, og det er mykje meir behagelig å bruka mus eller styrekula. Dette er eit av dei programma eg ville hatt store problem med å klara meg utan. Når eg prøver andre maskiner (som ikkje har dette programmet) blir eg frustrert over kor hakkete peikaren rørar seg. Vel, programmet er gratis og er verdt ei nedlasting. Om du brukar Windows, og enten du har styrekula eller vanlig mus, prøv dette programmet.

Ved slutten av år 2000 kom det nye, oppdaterte drivarar og programvare til mus og og styrkuler frå Logitech. Desse (som forresten òg finst i norsk utgåve) inneheld eit val for repetisjonsfart. Dette fungerer på same måte som PS2Rate, so viss du har Logitech-mus/-styrekula, kan (og bør) du lasta ned den oppdaterte programvaren i staden for PS2Rate.

Konklusjon

Som sagt har eg til no eit veldig godt inntrykk av TrackMan Marble+. Eg synest styrekuler er mykje betre enn mus, og eg vil rå deg til kjøpa ei god styrekula (betal heller litt meir for å få ei verkelig god ei). Den eg kjøpte var iallfall eit godt kjøp, men det finst mange andre, so valet er ditt …

Oppdateringar

Etter denne artikkelen var skriven, heldt eg fram med å bruka styrekula. Her er nokre viktige hendingar i samband med dette. Ein del av denne informasjonen har seinare blitt inkludert i hovudartikkelen.

1999-11-09
Vel, eg har no hatt styrekula nokre månader, og eg er framleis sers fornøgd! I går opna eg ho, for å sjå etter støv. Ho var faktisk veldig enkel å opna og det var lite støv. Eg fjerna likevel det som var, utan at det ser ut til å ha nokon innverknad (gjer jo strengt tatt ikkje noko, sidan ho fungerte perfekt frå før av!).
2000-02-13
Styrekula fungerer like bra som ho alltid har gjort. Har funne ut at det er lurt å fjerna litt støv av og til. Fungerer alltid litt betre då. Er framleis veldig fornøgd med kula.
2000-05-17
Har prøvd nyaste versjon av nettlesaren Opera 4, og det ser ut til at denne støttar zoom ved hjelp av Ctrl og rullehjulet. Veldig fint! Håpar fleire program vil støtta dette.
2000-07-02
Eg fekk mitt ønskje oppfylt (sjå nedanfor). Nettlesaren Mozilla, som òg finst tilgjengelig på nynorsk, støttar endring av skriftstorleik ved hjelp av Ctrl og rullehjulet. Flott!
2001-01-16
Logitech inkluderer no funksjonaliteten til PS2Rate i den nyaste programvaren, noko som er flott. For øvrig fungerer styrekula perfekt enno …
2007-03-10
Styrekula fungerer faktisk like bra i 2007! Eg brukar no utelukkande Linux, og alt fungerer automatisk her, utan å måtta stressa med nedlasting av drivarar. Klikk på hjulet fungerer som midtknapp, og er veldig nyttig. Av og tar eg ut kula og fjernar litt støv og slikt, og etterpå er styrekula god som ny.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.