Karl Ove Hufthammer

Dustefjerten og den store sommarferieturen

Eg sit her òg les i Dagbladet om den ny boka til Rune Belsvik, Dustefjerten og den store sommarferieturen, der ho får stor skryt. «Noen tekster bare virker. Denne er en slik.» skriv dei.

Då passar det veldig bra at Barnetimen sender ein opplesingsserie av boka denne veka. Det er forfattaren sjølv som les (og stemmen hans passar perfekt, kan eg legga til).

Barnetimen hører du på NRK P1 klokka 18:40, rett etter Barne-TV. Sjølve opplesinga kjem gjerne litt inni programmet.

Men so var det slutt?

Etter ei veka med sendingar begynte plutselig ein ny serie. Men fortvil ikkje! Eg får opplyst på e-post frå Barnetimen at Dustefjerten held fram neste veke. So blir det pause på ei veka igjen, før dei fire siste episodane blir sendt.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.