Emballasjeopnarar
12. oktober 2003
Problemet
Eg føler eit sterkt hat til emballasjeprodusentar, spesielt til dei som lagar emballasje til CD-ar. Desse er nær umulig å få av platene.
Eg har sjølv gjentatte gongar brukt opptil fleire minutt på å prøva å få av denne plasten. Og sjølv når produsenten har vore omtenksam nok til å bygga inn ei «opningsstripa» (eit band i hardare plast) er denne ofte til mindre hjelp enn ho burde, av tre grunnar:
- plasseringa av stripa er ikkje standardisert
- stripa er ofte i same farge som resten av plasten
- kor ein skal begynna å dra i stripa varierer
Alt dette gjer at det er vanskelig (og noko tidkrevande) å oppdaga stripa, og finna ut korleis ein skal bruka ho.
Nokre produsentar klarar overraskande nok å gjera ting endå verre! Eg har kjøpt ein boks med tomme CD-ar, der boksen er pakka inn i plast, men i tillegg er kvar plata i boksen òg pakka inn i plast. Kva tenker dei som kjem på sånt (med)‽
Løysinga
Løysinga fann eg hos Clas Ohlson. Der sel dei ein pakke med to emballasjeopnarar, der eine er spesialtilpassa for opning CD-ar, mens den andre kan brukast på anna liknande emballasje, som kassettar og videokassettar.
CD-opnaren fungerer ved at du drar han kjapt langs kanten på CD-øskja. Ein liten kniv skjerer då hol i emballasjen (utan å skada sjølve øskja), sånn at du lett kan fjerna han. Dette fungerer utmerka!
Til orientering kostar pakken med dei to opnarane 19 kroner, og har varenummer 32-1829.
Emne: Ymse
Kommentarar
-
-
Dette «problemet» er forøvrig også eksisterende på enkelte DVD-covere. Løsningen for «oss røykere» er jo lighteren. Dobbelt så raskt og mens man har lighteren brennende så kan man jo passe på å fyre opp enda en spiker til kisten.
-
Et absolutt severdig klipp hos NRK i denne forbindelse er Finn Bjelke sine frustrasjoner rundt embalasje, eller «Adolf Hitler», som han mener det rimer på.
Veldig, veldig morsomt, men krever Windows Media 9-støtte. Har man ikke WM-støtte, er dette klippet verdt å skaffe seg det for.