Eg har i lengre tid vore ivrig brukar av IP-telefoniprogrammet Speak Freely.
Men i dag kom nyheita: Utviklinga av Speak Freely vert stoppa, og heimesida, diskusjonslistene, ekko- og telefonkatalogtenarane vert fjerna. Alt tenestene vert stengt 15. januar 2004, men utviklinga av programmet er allereie avslutta. Meir informasjon om grunnane til nedlegginga står for øvrig i den offisielle dødsmeldinga.
Programmet er gratis og på alle måtar fritt, og kan framleis distribuerast og brukast so mykje ein vil. Men det vert sjølvsagt noko upraktisk å bruka når telefonkatalogtenaren er lagt ned.
Eg har hatt mykje glede av Speak Freely. Eg vil sjølvsagt halda fram med å bruka programmet – det er fullt ut brukbart – men det hadde vore kjekt å fått sett nye funksjonar og forbetringar implementert. Det får me nok dessverre ikkje.