Karl Ove Hufthammer

Ordbanken versjon 2022-04-05 klar

(oppdatert )

Eg har lagt ut versjon 2022-04-02 av Ordbanken, eit brukarvenleg kommandolinjeprogram for å kjapt slå opp bøyingar av ord på nynorsk og bokmål.

Her er ei oversikt over det viktigaste nye i denne versjonen:

Visste du forresten at det i nynorskordboka finst eit ord med to etterfølgjande å-ar? Med den nye funksjonen for oppslag i bøyingar (pluss nokre jokerteikn) finn me det lett:
ordbanken --bøying %åå%

Programmet har to nettsider, heimesida på denne nettstaden og ei prosjektside på Savannah. Du kan òg melda deg på ei e-postliste for programmet dersom du vil diskutera programmet og/eller halda deg oppdatert på utviklinga.

Du kan lasta ned programmet som kjeldekode, som ein openSUSE-pakke eller som ein Gentoo-pakke. Takk til Hans Fredrik Nordhaug som har laga Gentoo-pakken.

Som vanleg er kommentarar, tips og forbetringar hjarteleg velkomne, på e-post til karl@huftis.org eller til e-postlista.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.