Google-kalkulatoren
15. august 2003 (oppdatert 4. juni 2009)
Dette er eigentlig gammalt nytt, men av ein eller annan grunn har eg ikkje sett det nemnt i dei norske bloggane eg les enno. Derfor får eg skriva om det!
Søkemotoren Google har no ein innebygd kalkulator. Denne støttar litt av kvart:
- Enkel og meir avansert aritmetikk
- Trigonometriske funksjonar
- Einingskonvertering
- Ein del konstantar og andre storleikar er kjent
- Og ikkje minst
Eg synest verkelig denne kalkulatoren kjempepraktisk, spesielt sidan han er so direkte tilgjengelig (berre eit tastetrykk unna i alle skikkelige nettlesarar). Men som matematikkstudent føler eg meg alltid forplikta til å mana til forsiktigheit når det gjeld kalkulatorar med endelig presisjon. Følgjande skulle illustrera korfor:
[No, 2009-06-04, ser dette siste eksempelet ut til å fungera fint. Men det finst nok andre eksempel på problem grunna endelig presisjon.]
Eg fekk først veta om denne funksjonaliteten gjennom Daypop Top 40, og fann seinare meir informasjon i den uoffiselle Google-bloggen og i ResearchBuzz [ingen av sidene finst lenger]. Resten kjem frå eksperimentering frå mi sida.