Karl Ove Hufthammer

Rigoletto

NRK og kultur

Eg har tidligare gjeve uttryk for kor skuffa eg vart over at la ned Hovedscenen. Eg var til og med so tabloid at eg brukte overskrifta «NRK gjev seg med kultur».

Det er ikkje fullt so ille. Heldigvis. NRK har sendte fleire mindre program med «musikk, dans og drama». Og TV2 meldte i samband med statsbudsjettet:

Vår ambisjon er å vinne erfaringer, noe som etter hvert vil danne grunnlag for flere overføringer fra de ulike teatrene, […] [og] det er inngått en avtale mellom Operaen og alle de interne utøvergrupper som innebærer at det blir enklere å overføre av forestillinger i fjernsyn og andre etermedier.

I budsjettforslaget er det lagt inn midler til dekning av Operaens ekstrakostnader til dette formålet.

Rigoletto i kveld

Og i kveld, laurdag, i «niaren», får me sjå resultatet av dette. Då sender nemlig NRK2 operaen Rigoletto, i opptak frå Den Norske Opera.

Kanalen har tidligare sendt ei anna, interessant, oppføring av same opera, og det blir kjekt å sjå korleis denne her er i forhold.

Og sjølv om opera ikkje interesserer deg, har du heilt sikkert hørt minst éin av ariane i Rigoletto før – den berømte La donna è mobile. Og ikkje gå glipp av denne noko spesielle tolkinga av Pavarotti si tolking av arien. Etter å ha sett denne, vil du trulig aldri kunna høra arien utan å dra litt på smilebanda, so det er nok best å besøka nemnte sida etter kveldens framsyning …

Elles vil eg anbefala Met-operaen si glimrande oversikt over operaen. Skriv denne ut, og ha ho klar under sending. Dette er ikkje ein vanskelig opera å følgja med i, men det er greitt å ha eit slikt samandrag klar, sånn at ein veit kven dei ulike personane er, kor handlinga går føre seg, og nøyaktig kva som har skjedd, viss noko skulle vera uklart.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.