Karl Ove Hufthammer

I Have No Tomatoes

I dag la eg ut ein ny omtale på nettstaden min Gratis kvalitetsdataspel. Spelet omtalt heiter I Have No Tomatoes, og er ei slags blanding mellom Bomberman og Pacman. Ei fin blanding!

Tomatane er etter deg, og du må prøva å sprenga dei sund. Klarar du det, kan du få både spesialgjenstandar og nye evner. Spelet består av ti små labyrintliknande eittminutts brett, og er utmerka avveksling om du skulle komma til å ha litt tid ledig.

Eg har aldri likt Pacman serlig, men diggar Bomberman. I Have No Tomatoes tar det beste frå desse to, og set det saman til eit svært underhaldande og ikkje minst vanedannande spel. Det blir gjerne mange timinuttsøkter …

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.