Karl Ove Hufthammer

Ordbanken versjon 2018-07-05 klar

Eg har no lagt ut versjon 2018-07-05 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank.

Den største nyheita er ein ny versjon av sjølve fullformsordlistene. Det er over to år sidan førre versjon av ordlistene vart utgjeven, og det er mange endringar i denne nye versjonen – både nye ord, fjerna ord og rettingar av stavefeil og feilbøyingar.

I tillegg er det mange små forbetringar og rettingar i sjølve programmet. Blant anna fungerer det no betre på *buntu-baserte distroar, der det grafiske brukargrensesnittet ikkje fungerte i det heile tatt før.

Takk til Øystein Steffensen-Alværvik for mykje testing, som avdekte fleire feil og inkompatibilitetar. Her er ei oversikt over det viktigaste nye i denne versjonen:

Meir informasjon finn du på heimesida og prosjektsida. Du kan lasta ned programmet frå nedlastingssida. Brukar du openSUSE, finst det ferdige pakkar du kan bruka (desse fungerer truleg òg fint på andre distroar som brukar RPM-formatet).

Tilbakemeldingar er hjarteleg velkomne. Legg igjen ein kommentar her, delta på e-postlista vår eller send ein e-post direkte til meg.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.