Karl Ove Hufthammer

I blanke messingen

Eg har tidligare nemnt kor glad eg er i musikalar. Vel, i går var eg og såg musikalen I blanke messingenDen nationale scene, her i Bergen. Og det var ei stor oppleving.

Musikalen er basert på filmen med same namn, og handlar om seks arbeidslause fyrar som bestemmer seg for å gjera eit strippeshow for å tena litt ekstra pengar. Det hørest kanskje vulgært og smaklaust ut, men er det slett ikkje. Filmen er for øvrig veldig bra, og har vunne fleire prisar. Og musikalen er endå betre! ☺

Musikken er for det meste grei nok, med unntak av nokre kjedelige balladar, dialogen er til tider kjempemorosam og scenografien er imponerande. Dette er verkelig ei førestelling eg kan anbefala på det varmaste. For dei interesserte kan eg nemna at ho går omtrent kvar dag fram til 16. mai, og frå 2. til 28. juni.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.