Karl Ove Hufthammer

Ein levande papirdrake, samt andre illusjonar og triks

Når me ser verda rundt oss, brukar hjernen mange leietrådar til å tolka bildet som fell på netthinna. Ting langt vekke ser mindre ut enn nære ting, slik at eit knappenålshovud kan ta like stor fysisk plass (på netthinna) som ein fjelltopp i det fjerne. Og når me sit på eit tog, ser me trea susa forbi vindauget, mens dei fjerne fjella beveger seg veldig sakte, og me kan sjå dei same toppane i timesvis. Begge desse fenomena hjelper oss til å bedømma avstand, men det viktigaste hjelpemiddelet er dei to auga våre. Kvart auga ser eit litt forskjellig bilde, der dei ulike gjenstandane er «flytta litt» relativt til kvarandre. Nære ting vert plassert veldig forskjellig på dei to bilda, mens fjerne ting ser omtrent like ut. Hjernen brukar so denne informasjonen til å gje oss eit djupnesyn.

Med berre eitt auga får me eit redusert djupnesyn, og dette kan me utnytta til å lura hjernen vår til å fullstendig misforstå synsinntrykka. Her er det mest imponerande – ja til og med sjokkerande – eksempelet eg har sett: ein riktig skummel papirdrake. Det spesielle med denne, er at han (tilsynelatande) bøyer hovudet sitt for å iaktta deg når du beveger deg rundt i rommet. Sjå filmklippet på nettsida. Han er endå skumlare i verkelegheita, so skriv ut, brett og prøv sjølv! (Hugs å sjå på draken med eitt auga lukka, helst i eit godt opplyst rom, slik at skygger ikkje ødelegger illusjonen.)

På nettsida ovanfor finn me òg ei lenkja til Puzzles.COM, som er ein flott nettstad å besøka no i påska, då me kanskje har tid til slikt. Her finn me mange fine grublisar, illusjoner og triks, og det beste av alt er at dei kan skrivast ut. Min favoritt er den manglande femmaren. Skriv ut, lim saman, og forvirr venner og kjende med eit kvadrat som plutselig manglar eit felt berre du snur brikkene opp ned.

2 kommentarar

  1. For ei vedunderleg verd!! Skreiv ut, klipte, limte, filma og viste amatørfilmen til kjærasten min som stakk innom; for eit spørsmålsteikn! Ikkje ein ide om kva dette var! Vil ha meir!!!

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.