Reservekopiar
7. juli 2003 (oppdatert 31. mai 2009)
La oss tenka oss at harddisken din krasja, og du mista alt som var på han. Ville det vore litt – synd, kanskje? Rekna med det, ja. Derfor bør du ta ein reservekopi snarast! Med ein gong!
Ta kopi av alle dokument, lydfiler, bilde og e-post du ikkje har lyst å mista. Har du ein blogg eller ei heimesida, so ta òg reservekopi av filene/databasane her.
CD-ar fungerer utmerka for reservekopiar. Om du ikkje allereie har det, får du ein kjempegod CD-brennar for rundt 400 kroner, inkludert kablar og all nødvendig programvare.
Eit anna, og stadig meir aktuelt, alternativ er ein ekstern USB-hardisk. For under ein tusenlapp får du nok plass til det meste. Kjøp gjerne to, og oppbevar den andre hos venner eller i eit anna hus du har tilgang til, slik at du òg er sikra ved brann.
Du vil aldri angra på ha tatt reservekopi, men kan komma til angra på å ikkje ha gjort det!
Emne: Programvare
Kommentarar
-
-
Same oppleving her. Då eg skreiv hovudoppgåva mi i nordisk, fekk maskinen eit samanbrot. Eg hadde heldigvis teke kopi av oppgåva like før. Eg trur òg det er slik at ein må oppleva kor nyttig ein slik kopi er før ein ser verdien av det. Her er dei fleste litt for sløve.