Karl Ove Hufthammer

Cabaret

Det er ein ting eg elskar, og det er musikalar. No har eg nylig sett den prisløna filmversjonen av musikalen Cabaret frå 1972, noko som var veldig hyggelig!

Cabaret går føre seg i Berlin i 1931, og handlinga er sentrert rundt nattklubben Kit Kat Klub. Nazipartiet er på frammarsj, og kontrasten er stor mellom underhaldinga der inne, og det som føregår i gatene. Midt i det heile møter me kabaretskodespelarinna Sally Bowles (Liza Minnelli) og den britiske språklæraren Brian Roberts (Michael York). Også kontrasten mellom desse er stor!

Eg skal ikkje røpa meir av handlinga, men vil iallfall nemna at dette er ein fabelaktig film, med mange flotte og underhaldande song- og dansenummer. Og om du er av typen ikkje tåler at folk plutselig bryt ut i song, slepp du det faktisk her. Alle songnummera føregår på scenen i Kit Kat Klub, og er ein del av kabareten som går der.

Utgåva eg har sett er Cabaret – 30th Anniversary Special Edition, kjøpt for 105,26 kroner (inkludert porto) hos Play.com (er på tilbod no). Det er overraskande nok ikkje so mange ekstrating på DVD-en – hovudsaklig to (heilt greie) dokumentarar om filmen. Merk for øvrig at filmen ikkje er teksta – ikkje eingong på engelsk. Slikt synest eg er litt irriterande, men det er på ingen måte vanskelig å få med seg kva folk seier og syng.

Oppsummering: Anbefalt!

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.