Karl Ove Hufthammer

Val av nettsidefargar

30. november 2003 (oppdatert 12. juni 2009)

Det er ikkje lett å finna gode fargar som passar saman når ein lagar nettsider. Her nokre nyttige verktøy til hjelp med dette:

Med ColorMatch 5K brukar du glidebrytarane til Ã¥ velja ein farge du likar, og fem andre fargar som passar med denne blir vist i kvar sin boks. Du kan òg trykka pÃ¥ desse fargane for Ã¥ bruka dei som «grunnfarge» for fem nye alternativ.

Technicolor er ei liknande tenesta, og gjev 12 forskjellige fargar.

EasyRGB gjev 13 fargar, og etter ei heilt anna oppskrift. Her fÃ¥r du blant anna ei mørkare og ei lysare utgÃ¥va av grunnfargen du har valt.

Color Scheme Designer er ei meir avansert tenesta, med mange funksjonar, inkludert vising av fargane på ei eksempelnettsida.

Til slutt vil eg nemna ei flott fargetenesta til. Rundt kvar tiande mannlige besøkar på nettsida di har ei eller anna form for fargeblindheit, og du bør sjølvsagt sørga for at fargane fungerer for desse òg. Her kjem Vischeck inn i bildet. Denne tenesta viser deg korleis nettsida vil sjå ut for ein som er fargeblind. Tenesta støttar både bilde og fargar definert i stilsett, og er i tillegg tilgjengelig som eit programtillegg for ditt favorittgrafikkprogram. Vel verdt å sjå nærare på.

Emne: Nettsideutvikling

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanlegaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlege linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.