Karl Ove Hufthammer

Tux Typing

Den søte pingvinen Tux er på jakt etter eit skikkeleg måltid mat, og han treng di hjelp. Samtidig som du speler, får du god trening i å bruka tastaturet. Ungar kan få den grunnleggande innføringa i kor tastane ligg, og vaksne kan læra seg å skriva fortare.

Spelet Tux Typing har to forskjellige variantar. I den eine fell bokstavar ned frå toppen av skjermen; i den andre er det heile ord som fell. I begge variantane står bokstavane skrivne på fiskar, og du må skriva inn rett bokstav for å få tak i fisken.

Spelet låg lenge daud, men no er utviklinga tatt opp igjen. Neste versjon vert tilgjengelig for både Linux og Windows, på både nynorsk og bokmål, og både gratis og fritt!

Her er eit par smakebitar på korleis det vert sjåande ut (trykk på bilda for å sjå større utgåver):

[Hovudmenyen i Tux Typing.]

[Kometknusingaktiviteten i Tux Typing.]

1 kommentar

  1. Hei dette så fint ut, min sønn på 9 år vil gjerne lære seg touch. En god start her.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.