Karl Ove Hufthammer

Charlie’s Angels: Full Throttle

I går var eg og òg såg Charlie’s Angels: Full Throttle på kino. Men det var ikkje med vilje.

Eg hadde eigentlig tenkt å sjå reprisen på Chihiro og heksene, men so var eg litt sinnsforvirra då – som eg gjerne er – og klarte å gå inn i feil sal. Etter eit kvarter eller so oppdaga eg òg dette. Men då vart eg like godt sittande.

Filmen Chihiro og heksene (som for øvrig vann Oscar for beste animasjonsfilm og for tida ligg på 44. plass på IMDbs brukarstyrte liste over dei beste filmane) er ein av dei flottaste, mest fantasirike filmane eg nokon gong har sett. Charlie’s Angels er, øh, meir på hi sida av skalaen – for å seia det litt forsiktig. Jo mindre sagt om filmen, desto betre.

Men Chihiro og heksene vil eg anbefala på det aller, aller varmaste. Det er ikkje kvar film ein set opp som reprise på kino (genialt konsept, forresten). Har du ikkje sett han, eller sjølv om du har det, gå og sjå han. Det skal eg. På søndag. Viss eg kjem rett …


Etterord: Eg kom rett. Og filmen var heilt so god som eg hugsa!

2 kommentarar

  1. Ja, eg har lagt merke til at den går no om dagen, men har tenkt at eg kanskje ikkje vågar å sjå den att – tenk om den ikkje er like fantastisk då som den er i hovudet mitt? Men no etter di forsikring kan det hende eg torer likevel!

  2. Noko av det fine med førstegongssjåinga var nok at filmen var so fantasirik og uforutsigbar. Dette «overraskingsmomentet» mistar du naturlig nok neste gong du ser filmen.

    Men dette er uansett ein film som tålast å verta sett fleire gongar!

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.