Karl Ove Hufthammer

Gratis musikk frå biblioteket

Etter å ha budd her i Bergen i over eit år, tok eg endelig turen innom biblioteket. Dette er noko eg har hatt planar om lenge (i over eit år!), men det vart liksom ingenting av – før no.

Kort fortalt: Eg har no lånekort, og har utført mitt første lån – i musikkavdelinga. Biblioteket har nemlig ei eiga avdeling med musikk der du kan låna med deg plater gratis heim. Kjempeflott tilbod! (Sjå òg Jesro Christoffer Cenas artikkel om same emne, som gjorde meg merksam på tilbodet.)

Valet fall på tre plater med den svenske mezzosopranen Anne Sofie von Otter. Dette er ein artist eg nok vil nemna mykje her på denne bloggen – ho er fantastisk! Platene eg lånte er:

Eg har lenge hatt sansen songane/romansane til Sibelius, og begge desse to første platene er gode. Favoritten her er Svarta Rosor, på volum 1. Von Otter har her ein intensitet som får det til å gå kaldt langt nedover ryggen. Første gong eg hørte denne, sat eg berre og måpte etterpå. Fantastisk!

Men Sibelius passar best for seine haust- og vinterkveldar, og den plata eg har hørt mest på i det siste av dei tre (og av heile platesamlinga mi!) er Mots d’amour («kjærleiksord»), av den for meg ukjente komponisten Cécile Chaminade. Plata inneheld 25 stykke for klaver og sopran, to stykke for klaver og fiolin, og tre for to klaver. Ho passar definitivt ikkje for seine haustkveldar – ho osar av vår og kjærleik!

Dette er ei samling for det meste lyse og lette songar som du rett og slett ikkje kan hjelpa å bli sjarmert av. Det er musikk som gjer deg i særdeles godt humør. Og von Otter har (som vanlig) ei imponerande innleving. Ho klarer å få fram alle kjenslene og kjenslenyansane i tekstane (som for øvrig alle er omsett til engelsk i det medfølgjande heftet). Hennar faste medakkompagnatør Bengt Forsberg er òg framifrå. På eitt spor («bonne humeur») hørest han faktisk nesten litt honkytonk-aktig ut. Artig! Dei siste stykkene, for klaver og fiolin, og klaver og klaver, er òg herlige. Alt i alt er dette ei nydelig plata – ei eg nødig leverer frå meg. ☺

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.