Karl Ove Hufthammer

Fem nye plater til

Tid for musikk. Her dei fem siste platene eg har lånt på biblioteket, og tankane mine om dei. Eg vil gjera oppmerksam på at det berre er lause tankar, og er på ingen måte meint som skikkelige musikkomtalar.

Cornelis Vreeswijk: Live

Cornelis Vreeswijk var ein artig kar, med mange festlige, fleire samfunnsrefsande og nokre nydelige viser. På denne plata er det litt av kvart, innspelt med publikum. Grei plata, men mange av songane finst i betre innspelingar.

Norske viseperler

Dette er òg ei viseplata – ei samling med 24 viser, med blant anna klassikarar som Manda Morra Blues, Skigardsvise, Hvis jeg fikk være sola di og Så seiler vi på Mjøa.

Men problemet med denne utgjevinga er at langt frå alt er «viseperler» – ein del kan ikkje eingong kallast «viser». Dette ei plata med mykje bra, men òg med altfor mykje rett og slett dårlig og uinteressant musikk.

Leonard Cohen: More Best of

Cohen er ein av dei som no er kjent for dei fleste, sidan songen hans I’m Your Man er brukt i ein eller annan avisreklame. Det gjorde reklamen god. Cohen er nemlig ein stor artist, og har skrive noko av dei mest deilige rolige songane eg kjenner til. Denne plata er òg ganske god.

Bildet er henta frå heimesida til Leonard Cohen.

Urszula Kryger: Chopin Songs

Det ein legg først merke til med denne plata er den merkelige CD-øskja. Denne er ikkje av dei vanlige typane, men mykje djupare.

Elles er dette den plata eg har hørt minst på, og kan eigentlig ikkje uttala meg om. Men ho hørest for so vidt ganske grei ut.

Cecilia Bartoli: Gluck Italian Arias

Cecilia Bartoli er for tida ei av dei største «stjernene» i operaverda, med god grunn. For ei tid sidan kjøpte eg plata hennar The Art of Cecilia Bartoli («Art of» plater innan klassisk tilsvarer omtrent «Best of» i annan musikk, og er gjerne eit god val som «førsteplater» for å bli kjent med ein artist). Men den plata var slett ikkje so bra som ho burde vore. Eg vart skuffa. Denne her, derimot …

Dette er ei plata med italienske ariar komponert av Christoph Willibald Gluck. Og ho er fantastisk! Her får Cecilia Bartoli verkelig vist for ein utrulig stemme, teknikk og uttrykksfullheit ho har. Innlevinga i for eksempel Misera, dove don er noko av det mest imponerande eg har hørt. Det er umulig å ikkje la seg riva med. Anbefalt på det varmaste!

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.