Blade Runner
25. juli 2003
I kveld, fredag, har TV 2 bestemt seg for å senda ein god film, for ein gongs skyld: Blade Runner. Dette er ein mørk og dyster framtidsfabel, som for tida ligg på 80. plass på IMDbs brukarstyrte liste over dei beste filmane. Han er vel verdt å få med seg!
Som eit lite apropos kan eg nema at eg nettopp har spelt ferdig spelet Blade Runner, og det er, som filmen, kjempebra. Er du heldig, finn du det i din lokale databutikk for ein billig penge (iallfall under 200 kroner), i EA Classics-serien.
Emne: Film og fjernsyn