Ordbanken versjon 2009-08-10 klar
10. august 2009
Eg har no lagt ut versjon 2009-08-10 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Denne gongen er det ikkje so mykje nytt, men nokre rettingar, endringar og nye funksjonar er det då:
- Retta nokre kommandoar som ikkje var heilt POSIX-kompatible. Programmet skal altso no fungera betre på ulike system.
Oppslag på «ord» som startar med bindestrek (som «-aktig») verkar no alltid. Før gav det ein rar feilmelding med mindre «look» ikkje var installert, eller ein brukte regulære uttrykk. Merk at ein må bruka
--
for å skilja argument og operand (akkurat som med alle andre POSIX-verktøy). Eksempel: ordbanken -- -aktigAutofullføring fungerer òg med slike «ord», både for auto- fullføring av orda og tilhøyrande ordklassar. (Det hørest enkelt ut, men det var langt frå trivielt å få til!)
Oppslag på eit grunnord som inngår som førsteord i uttrykk med fleire ord (typisk idiom) vil ikkje lenger gje desse uttrykka som resultat. For eksempel vil ordbanken i berre gje bøyinga av ordet «i», og ikkje uttrykka «i huttaheiti» og «i så fall». Dette fører til fleire forbetringar. For det første går søket raskare, for det andre går det an å eksplisitt slå opp uttrykk med fleire ord, og for det tredje går det an å å få ut oversikt over alle slike ord. Eksempel:
Oppslag på «i huttaheiti»: ordbanken "i huttaheiti"
Oppslag på uttrykk som startar med «i»: ordbanken 'i %'
Oppslag på alle uttrykk med fleire ord: ordbanken -r ' 'Autofullføring fungerer òg på slike uttrykk, anten ved bruk av hermeteikna «, « eller «verna» teikn. Eksempel som finn uttrykket «rock and roll»:
ordbanken "rock a[tab]
ordbanken 'rock a[tab]
ordbanken rock\ a[tab]
Meir informasjon finn de på heimesida og prosjektsida. De kan lasta ned programmet frå nedlastingssida.
Tilbakemeldingar er hjertelig velkomne. Legg igjen ein kommentar her, delta på e-postlista vår, eller send ein e-post direkte til meg.
Emne: Programvare, Språk
Kommentarar
-
-
Vet du hva som skal til for at et ord skal komme med i orddatabasen? Jeg fant ting som HIV-positiveste, Hiroshima-bomber, Harvard-professor, Honecker, Hydro-ansatteste og Horizonte.
-
Så det du sier er at ordbankdatabasen ikke er ment å være brukt som et grunnlag for å lage en ordbok, til for eksempel rettskriving, men bare for referanse om hvordan ord kan bøyes?
-
Jo, du kan godt bruka ordbankdatabasen som grunnlag for å laga ei ordbok, til for eksempel rettskriving.
-
-
Takk, dette er genialt!
Om du har planer for å bringe dette virkelig helt inn på skrivebordet, hadde en plasmoid for vært genialt 🙂