Karl Ove Hufthammer

Organdonasjon

Viss hjertet eller levera di svikta, ville du då vore villig til å ta imot eit donert organ – eller hadde du heller føretrekt å dø? Ikkje alle får ta dette valet. Det er nemlig stor mangel på organdonatorar, og i 2001 døde 34 pasientar på venteliste for organdonasjon, ifølgje Stifelsen Organdonasjon.

Når du dør har du ingen bruk for organa dine lenger, men for andre vil dei vera forskjellen mellom liv og død. Det er dine næraste som må avgjera eventuelle spørsmål om organdonasjon, og derfor er det viktig at du snakkar med dei om dette – på førehand.

Du kan òg fylla ut eit donorkort til å ha med deg i lommeboka. Dette kan du henta ned og skriva ut frå heimesida til Stifelsen Organdonasjon. Du finn det òg på alle apotek, legekontor og bibliotek.

Gjer valet no. Det tar deg fem minutt å skriva og fylla ut donorkortet. Og det er det verdt.


Eg vart først klar over donorkortopplegget etter eit innlegg på ein blogg for nokre månader sidan, men hugsar dessverre ikkje kor det var. Uansett takk til vedkommande. Jesro Christoffer Cena har òg skrive om emnet, og minte meg på å blogga om det. Takk til han òg. ☺

1 kommentar

  1. Organdonasjon er eit tema som svært få tenkjer på i det daglege, og når ein står midt oppe i ein kritisk situasjon kan det vere eit vanskeleg tema å ta stilling til. Difor er det viktig at ein tenkjer gjennom problemstilling og diskuterer den med sine eigne.

    Eg vart obs på problematikken då far min vart kreftsjuk, og eg bestemte meg der og då for at dersom det skulle stå på meg så skulle papsen få ei nyre med meg. Dessverre hadde han allereide fått metastaser, og ingen kirurg i heile verda kunne ha redda han. Der og då bestemte eg meg; eg fylte ut eit donorkort. Dette ligg no i lommeboka mi, så dersom det skulle hende meg noko og eg ikkje overlevde, skal dei «versågod» og fjerne dei organa dei treng. Eg har sikkert ikkje bruk for dei likevel der eg kjem; i himmelen er det sikkert nok av både nyrer og hjarte …

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.