Karl Ove Hufthammer

Etter ordre

I niaren i kveld, laurdag, sender NRK2 filmen Etter ordre.

I oktober 1970 erklærte styresmaktene i Canada unntakstilstand. Ein morgon vart 400 vanlige, meir eller mindre politisk aktive menneske arrestert i Montréal, og fengsla utan lov og dom i vekesvis, utan sikting, og utan forklaring. Filmskaparen har intervjua 50 av desse, og resultatet vart denne filmen, eit drama, men med sterkt dokumentarisk preg.

Filmen følest ekte. Han er basert på ei sann historie, og eg trur filmskaparen har gjort sitt beste for å framstilla historia på ein mest mulig sann måte. Det gjer berre filmen endå meir skremmande. Dette skjedde i Canada, ikkje i ein eller anna korrumpert, rettslaus bananstat, men i Canada. Kunne det, og kan det, ikkje likegodt då skje her i vårt eiga land‽

Eg gjer denne filmen 9 av 10 poeng. Dette er ein av dei filmane som fortener ein plass på lista over filmar bør ha sett.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.