Karl Ove Hufthammer

Teikneserieboka Pepar & Gulrot

(oppdatert )

Eit lite boktips i dag. Saman med Arild Torvund Olsen har eg omsett teikneserien Pepar & Gulrot til nynorsk, og denne er nyleg gjeven ut som bok på Outland forlag.

Kort oppsummert: Ein veldig koseleg, morosam teikneserie om ei ung heks og katten hennar. Veldig fine historier og heilt nydelege teikningar. Passar for både barn og vaksne. Her er ein liten video som viser utdrag frå boka:

Vil du veta meir, kan du lesa ei detaljert skildring av boka på Nynorskbok.

Og du kan faktisk lesa heile teikneserien gratis på nett. Men føretrekkar du å lesa på papir, anbefaler eg den trykte boka. Det er ei skikkeleg lekker utgjeving, med over 200 sider teikneserie på tjukt, glansa papir. Du finn boka hos dei fleste (nett)bokhandlar. Du kan for eksempel kjøpa ho direkte frå Outland forlag eller i nynorskbutikken handlenett.no.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.