Karl Ove Hufthammer

Tre julegåvetips

Eg har sett tilbake på året som har gått, og plukka ut tre tidligare omtalte ting her på bloggen som eignar seg utmerka til julegåver. Her har me gåver til nokon kvar:

Til bestemor

Ført ut er gamle bestemor, som skjelv på hendene. Kva med ein veldig god brødkniv?

OXO GOOD GRIPS Natural Grip Bread Knife har eit noko spesielt handtak, som gjer at han er veldig lett og behagelig å halda og å skjera med, sjølv for eldre med «dårlige hender». Kniven får du blant anna kjøpt på Til bords, for under tohundrelappen.

Til musikkentusiasten

Til musikkentusiasten kjøper sjølvsagt alle plater. Men kva med ein CD-emballasjeopnar? Det treng han verkelig!

Plasten rundt CD-ar er ofte eit lite helvete å få av. Men med desse hendige emballasjeopnarane går det som ein leik.

Emballasjeopnarane får du kjøpt på Clas Ohlson for ein billig penge. Men hugs å sørga for at mottakaren opnar denne gåve først, før alle platene!

Til filmelskaren

Kva med ein av dei verkelige filmklassikarane? Eg var tidligare i år og fekk med meg Chaplin-filmen Moderne tider på kino, og var storbegeistra over det eg såg. Eg valte faktisk å gje filmen 10 av 10 mulige poeng.

Moderne tider har nylig komme ut på DVD, med restaurert lyd og bilde, og stappa med ekstramateriale. Ei perfekt julegåve til ein som set pris på gode, morosame komediar.

2 kommentarar

  1. Mitt beste julegavetips er abbonement. På aviser, tidskrift, magasiner, eller kanskje Harmonien?

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.