Karl Ove Hufthammer

GCompris

GCompris er eit flott og fritt leik og lær-spel med mange forskjellige aktivitetar for ungar mellom 2 og 10 år. Eg har omsett spelet til nynorsk, og Klaus Ade Johnstad har omsett det til bokmål. I tillegg finst det omsettingar til ei mengd andre språk.

Bilde seier som kjent meir enn tusen ord, so derfor har eg laga ein liten demonstrasjonsfilm som viser nokre av dei mange aktivitetane me finn i spelet. Favoritten min er for øvrig «handaktiviteten», der me skal prøva kjenna att ei hand som ei venstre- eller ei høgrehand.

Åtvaring! GCompris er eit grafikktungt spel, so filmen vart på 47 MiB. Du treng òg støtta for Adobe Flash i nettlesaren din for å sjå han.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.