Karl Ove Hufthammer

Callas’ Tosca

Eg har igjen vore på biblioteket og lånt plater. Ei av desse er Maria Callas si Tosca-tolking (opera). Hadde hørt at dette var den aller beste Tosca-innspelinga som har blitt gjort.

Og kva syntest eg? Eg vart skuffa! Callas er på ingen måte god her (med unntak av i tredje akt, der ho er fantastisk). Merkelig at so mange hadde skrytt av plata, tenkte eg. Men med litt forsking på veven viste det seg at det var «feil» plata eg hadde lånt. Eg hadde fått tak i 1965-utgåva, for øvrig den siste komplette Opera-innspelinga Callas gjorde (heldigvis?), mens den fantastiske innspelinga var frå 1953, og med andre medsongarar.

Ja, ja. Sånn kan det gå. Ser forresten at EMI no har gitt ut ei lydforbetra nyutgåva av 1953-innspelinga (og som visstnok er mykje betre enn nyutgåva frå 1997). Får håpa biblioteket tar inn denne. Komplette operainnspelingar er so fryktelig dyre å kjøpa sjølv …

(Bildet er for øvrig henta frå EMI-nettstaden.)

1 kommentar

  1. I ettertid har eg kjøpt 1953-innspelinga, nyrestaurert og utgjeve på Naxos. I tillegg til å vera ekstremt mykje billigare enn EMI-utgåvene, har denne òg visstnok betre lydkvalitet.

    Naxos sjølv siterer ein omtale i The Times:

    This new remastering is streets ahead of the others; it irons out the sourness and surface noise of the original, without adding the implausible sheen and reverberance of previous transfers. To get such musical brilliance at Naxos’s bargain price beats anything else that you might find in the sales.

    Elles har MusicWeb to omtalar, av Robert J. Farr og av Christopher Howell, den siste med ein lengre debatt om det lydtekniske.

    Og kva synest eg? Jo, etter mine øyre er dette ei fantastisk innspeling av Tosca. Sterkt anbefalt!

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.