Ozzie and the Quantum Playwright
26. april 2003
Som nokon av dykk kanskje allereie veit, har eg ein nettstad som eg kallar Gratis kvalitetsdataspel. Innhaldet seier seg sjølv. Dessverre har eg vore forferdelig til å vedlikehelda denne nettstaden, og har ikkje lagt til nye spel på månader. Men det er det no slutt på!
I dag la eg nemlig ut ein omtale av spelet Ozzie and the Quantum Playwright – eit eventyrspel med flott, handteikna grafikk. Eg kan varmt anbefala det for alle tilhengarar av eventyrspel.
Emne: Programvare