Karl Ove Hufthammer

Nytt om bloggen og meg

Ei lita oppdatering om denne bloggen og om meg. Som mange andre, har endelig eg òg gått over til WordPress (frå Movable Type). Overgangen var overraskande lite smertefull.

Flytting

Samtidig har eg flytta bloggen frå http://blogg.huftis.org/ til http://huftis.org/, og flytta over dei siste artiklane frå den gamle heimesida. Eg set pris om de som har lenkjer til dei gamle adressene kan endra desse til dei nye. WordPress-brukarar kan enkelt bruka tillegget Search and Replace for å fiksa det automatisk for både artiklar, kommentarar og anna (byt ut blogg.huftis.org og www.huftis.org med huftis.org).

Lenkjeròte

Elles har eg sjølv gått gjennom og retta alle brotne lenkjer på bloggen min. Det var veldig mange! Av dette lærte eg:

Dei gamle adressetipa er framleis gyldige:

Nye bloggen

Som de ser, er den nye bloggen nær identisk med den gamle, visuelt sett. Eg har veldig lyst til å gå over til ein meir farge- og bilderik utsjånad, men det vert på lang sikt. For tida nøyer eg med å luka ut småfeil her og der, og oppdatera gamle artiklar. Tips gjerne om feil og manglar.

Elles har nok de som har følgt med bloggen over tid lagt merke til at det har vore smått med oppdateringar i det siste. Ei blanding av tid og lyst – altso mangel på – er grunnen. Og når eg ser på dei gamle artiklane mine, og oversikta over emna eg har skrive om, er det klart at det er ting eg vil kutta ut å skriva om framover òg. Kort sagt: Det har lite for seg å skriva om ting mange andre skriv om!

I kategorien film og fjernsyn har eg for eksempel skrive om litt om filmar eg har likt, og tipsa om filmar og anna på fjernsyn. Men det er jo berre brøkdelen av dei eg har sett (og likt), og det er ein overflod av av folk som skriv om filmar på nettet, og som gjerne er flinkare enn meg til det. Altso, ikkje meir blogging om film og fjernsyn (eg har jo ikkje fjernsyn heller, forresten). De som mot alle odds skulle vera interesserte i kva filmar eg likar, kan sjå på IMDb-oversikta mi. Eg prøver å registrera alle filmane eg ser der.

At andre skriv både betre og med meir interesse gjeld òg blogging om musikk og bøker og programvare. Og eigentlig dei fleste av emna eg har skrive om.

I framtida reknar eg med eg heller vil skriva om ting eg har tatt ein del i sjølv. Eksempel er ordbankprogrammet, og kanskje ymse anna dataprogram eg har omsett til nynorsk. Og viss eg lar meg begeistra av eitt eller anna (som for eksempel flotte sauebilde, eller ei spesiell nettsida som ikkje alt har vore overalt i bloggosfæren), kan eg komma til å skriva om det.

Det kan òg vera det dukkar opp noko innan nettsideutvikling eller noko anna som eg veit noko om, og eg synest er interessant, men som ingen andre har skrive om. Eit eksempel på noko slikt er artikkelen min om skrifthinting, som iallfall har fine illustrasjonar og forklaringar eg ikkje fann andre plassar.

Alt i alt vil eg nok vera litt meir aktiv med nye artiklar i framtida. Elles, viss det er noko de vil vil eg skal skriva om, er det berre å etterlysa dette i kommentarfeltet (eller senda meg ein e-post).

Nytt om meg

Eg lova ei lita oppdatering om meg sjølv. Vel det er ikkje mykje nytt å fortella (ikkje at eg har vore veldig personlig her før). Men eg kan jo nemna at eg har levd utan dusj, toalett og vaskemaskin i tre veker; det er ikkje å anbefala. (Men det vart til slutt nytt bad av det heile.)

Og so eg er endelig blitt doktor (nei, ikkje dokter – det er medisin og sånt). Og det var jo litt kjekt.

Tja, no trur ikkje eg det var meir eg hadde på hjertet …

2 kommentarar

  1. Gratulerer så mye med doktorgraden!

    Forøvrig har jeg nå endret lenkene på de to gamle sakene dine hos Bloggarkivet (bloggarkivet.net/dig/karlovehufthammer) til dine nye URL-er. Grunnen til at du ikke har flere gamle saker enn dette, er fordi jeg ønsket å starte med en ny tom database da jeg overtok Bloggarkivet for noen måneder siden.

    1. Takk for gratulasjonen, Asle, og for at du oppdaterte lenkjene i Bloggarkivet. Eg var faktisk ikkje klar over at det var oversiktssider for kvar blogg der, so no lærte eg noko nytt òg. 🙂

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.