Karl Ove Hufthammer

Emne: Nettsideutvikling

Visuell nyheitsframstilling – 2014-06-14
Kva med ei 100 % visuell framstilling av nyheitene på NRK.no? Eg har laga eit lite skript du kan kan bruka.
Gratis kvalitetsdataspel – før, no og framover – 2009-06-09
I over ti år har eg vedlikehalde nettstaden Gratis kvalitetsdataspel, ei unik samling med spelomtalar av gode, gratis dataspel. Men no er det slutt, og nettstaden er lagt – nei, ikkje ned, men – i koma. Det passar derfor fint å reflektera litt over nokre tekniske moment med nettstaden.
Alternativ tekst i XHTML – 2007-04-21
Når du har laga eit dokument som skal leggast ut på veven, vil du nok at dette skal vera tilgjengelig for flest mulig. Heldigvis er XHTML utvikla for å gjera nettopp dette mulig. Faktisk kan sidene dine vera tilgjengelige for alle, sjølv for blinde!
Strukturbasert XHTML – 2007-01-27
Ein av fordelane med XHTML, er at det er eit strukturbasert språk. Dette muliggjer presentasjon av innhaldet på fleire måtar, på vanlige nettlesarar, men òg på avanserte mobiltelefonar og programvare basert på talesyntese. Denne artikkelen gjev ei kort innføring i skiljet mellom struktur/semantikk og presentasjon i denne samanhegen, og avsluttar med eit detaljert eksempel.
Ein ny og betre XHTML-/HTML-sjekkar – 2005-07-24
Det er lett å skriva nettsider som ikkje er syntaktisk korrekte, og som nettlesarar (og søkemotorar) derfor kan få problem med å tolka rett. Til hjelp kan me bruka sokalla HTML-validatorar, men dei er langt frå so nyttige og gode som ein kanskje har inntrykk av. Men no finst det endelig eit godt alternativ!
Vidaresending med Apache – 2005-06-30
Apache er ein av dei mest brukte og beste vevtenarane. Ved hjelp av ei lita tekstfil kan du vidaresenda brukarar og søkemotorar som besøker ei (flytta/utdatert) adressa til ei anna. Denne artikkelen viser korleis.
Lenkjetekstar – 2005-06-16
Lenkjer er sjølve grunnsteinen i hypertekstdokument – noko XHTML-sider er. Alle lenkjer har ein lenkjetekst, som er den teksten me aktiverer (trykker på) for å følgja lenkja. Men lenkjetekstane er ofte dårlige, og forstyrrar lesinga. I denne artikkelen skal me derfor sjå nærare på korleis lenkjetekstar bør, og ikkje bør, vera utforma.
Lenkjeròte og vidaresending – 2005-06-08
Internett er full av lenkjer som ikkje går nokon plass – brotne lenkjer. Dette er verken ønskelig eller nødvendig. Denne artikkelen handlar om brotne lenkjer, og om korleis du unngår dei ved å bruka automatisk vidaresending.
Skikkelige bloggadresser – 2005-06-06
Etter mykje om og men har eg endelig fått skikkelige adresser på bloggen. Ingen fleire kryptiske tal og unødvendige datoar!
Ny stil på bloggen – 2005-05-07
Huftis’ blogg har fått ny utsjånad til våren. I år har eg satsa på ein minimalistisk stil.
Brukarvenlige nettsideskjema – 2005-04-23
Dei fleste nettsideskjemaa er unødvendig lite brukarvenlige. Her er ein lite kjend teknikk som hjelper litt.
Enkel validering av XHTML-fragment – 2004-06-15
Programbokmerke for enkel og rask validering av XHTML-fragment, for eksempel i blogginnlegg.
Val av nettsidefargar – 2003-11-30
Det er ikkje lett å finna gode fargar som passar saman når ein lagar nettsider. Her nokre nyttige verktøy til hjelp med dette.
Enkle menyar og sideoppsett – 2003-10-22
Her er ei tenesta for automatisk generering av flotte menyar på nettsider.
RSS-kanalar – 2003-10-04
RSS-«feeds» eller RSS-kanalar?
Stadfesting av bloggar – 2003-09-20
Du kan markera kor bloggen din hører heime geografisk, og kan då lett finna andre bloggar(ar) som held til i nærleiken.
Litt om form og innhald – 2003-09-02
På grunnlag av nokre kommentarar av den relative viktigheita av form kontra innhald vil eg seia noko om nettopp dette.
Kommentar-RSS – 2003-09-01
Kommentarane i denne bloggen er no tilgjengelig i RSS-format.
Grøn stil – 2003-08-10
Bloggen er no blitt grøn.
Kanoniske nettadresser – 2003-07-04
Fleire adresser som peikar til same sida er uheldig. Løysinga er «kanoniske nettadresser».
Mine tankar om Echo – 2003-06-30
Eg har ikkje hatt stor tiltru til Echo-prosjektet, og det ser dessverre ut til frykta var velgrunna.
Nettsidestandardar – 2003-05-05
To artiklar om nettsidestandardar som absolutt er verdt å ha lest.
Automatisk nettsidetesting – 2003-05-01
Eg kom over ei tenesta som kan ta bilde av nettsider i ein haug forskjellige nettlesarar.
Litt meir om bloggen – 2003-04-28
Ymse strøkommentarar om bloggen min, og korleis han er utforma.
Lenkjesjekking – 2003-04-27
Eit lenkjesjekkingsprogram er heilt nødvendig å ha, og her er det beste eg har funne.
Dumme søkemotor – med eit par lyspunkt – 2003-04-22
Det finst ufattelig mange dårlige søketenester, og nokre få veldig gode.
FTP med sitecopy – 2003-04-08
sitecopy er eit nyttig program som kan spara deg for mykje tid ved opplasting av nettsidene dine.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.