Karl Ove Hufthammer

Lenkjesjekking

27. april 2003 (oppdatert 21. mai 2009)

Når ein utviklar nettsider, må (eller iallfall bør) ein dessverre bruka noko tid og krefter på å sjekka at alle lenkjene ein har lagt ut framleis fungerer. Svært ofte gjer dei ikkje det. Sider flyttar og dør, og dei gamle adressene sluttar å fungera. (Dette er for øvrig heilt unødvendig, noko eg har skrive om før, i ein artikkel om lenkjeròte og vidaresending.)

For å sjå etter utdaterte lenkjer, finst det mange lenkjesjekkingsprogram – av varierande kvalitet og prisklasse. Det beste eg har funne er Windows-programmet Xenu’s Link Sleuth, som er heilt gratis.

Du treng berre oppgje rotadressa, og so susar Xenu’s Link Sleuth gjennom sidene og sjekkar alle lenkjer, bilde, stilsett og liknande. Og «susar» er verkelig ordet. Programmet brukar nemlig ein fleirtrådsmekanisme til å sjekka fleire lenkjer samtidig (opptil 100), og er derfor ekstremt kjapt.

Når programmet er ferdig (eller når som helst), kan du velja å få opp ein oversiktlig rapport over alle dei brotne lenkjene. Rapporten viser viser òg ei liste over vidaresendte lenkjer, slik at du kan oppdatera desse, samt ymse anna info.

Eit lenkjesjekkingsprogram er heilt nødvendig å ha, og eg anbefaler dette på det varmaste.

Emne: Nettsideutvikling, Programvare

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.