Eg har no lagt ut versjon 2010-05-11 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Det er ikkje so mange endringar i sjølve programmet, men fleire i fullformsordlistene, og det var på tide å få ut ein ny versjon.
I Google Earth kan me sjå ortofoto frå heile verda, men utanom dei største byane i landet er gjerne kvaliteten dårlig. Men me kan faktisk få offisielle kartdata med god oppløysing inn i Google Earth òg, so detaljert at du faktisk kan sjå utedoen din, med gards- og bruksnummer!
Linux-distribusjonen Mandriva Linux er endelig ute i ny versjon, 100 % omsett til både nynorsk og bokmål, med mange nye forbetringar, og tusenvis av oppdaterte program. Og alt dette heilt gratis!
I 1873 kom Ivar Aasen ut med Norsk Ordbog med dansk Forklaring, grunnlaget for det som seinare skulle verta nynorsk. Boka er tilgjengelig i elektronisk form på Aasentunet, i eit noko uhendig format (Microsoft Word). Men med nokre greie verktøy kan me gjera ho om til eit enkelt koda tekstformat, og med litt skripting få «Ivar Aasen rett i terminalen».
Eg har no lagt ut versjon 2009-08-10 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Denne gongen er det ikkje so mykje nytt, men nokre rettingar, endringar og nye funksjonar er det då.
Versjon 4.3 av skrivebordsmiljøet og programsamlinga KDE er no ute. Før var KDE både brukarvenlig og kraftig, og med denne versjonen har det i tillegg blitt skikkelig lekkert. Og nynorskstøtta er den beste nokosinne!
Eg har no lagt ut versjon 2009-07-05 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Denne gongen er det mykje nytt og flott, og her er ei oversikt.
I over ti år har eg vedlikehalde nettstaden Gratis kvalitetsdataspel, ei unik samling med spelomtalar av gode, gratis dataspel. Men no er det slutt, og nettstaden er lagt – nei, ikkje ned, men – i koma. Det passar derfor fint å reflektera litt over nokre tekniske moment med nettstaden.
Eg har no lagt ut versjon 2009-06-07 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Her er dei viktigaste endringane i denne versjonen.
Kva er fleirtal av ordet «forum» på nynorsk? Kva heiter «å late» i presens, preteritum og imperativ? Heiter det offisielt «ei appelsin», «ein appelsin» eller «eit appelsin»? Når du er ferdig med å lesa nokre bøker, er bøkene då «leste», eller er dei «lesne»? Tilsvarande, når du ein varm sommarkveld sit og nyt ei korg ferske jordbær, kva vil du seia jordbæra er etterpå? «Nytne»? «Nautne»? «Nøtne»? «Nytte»? Her er endelig løysinga: eit program for oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank.
Linux-distribusjonen Mandriva Linux er endelig ute i ny versjon, 100 % omsett til både nynorsk og bokmål, med mange nye forbetringar, og tusenvis av oppdaterte program. Og alt dette heilt gratis!
På Wikipedia og Wikimedia Commons kan me kvar dag lasta ned dagens bilde, som ofte eignar seg som flotte bakgrunnsbilde på skrivebordet. Eg har laga eit lite skript for automatisk nedlasting av desse bilda.
«Sør-peis»? Du les setninga om igjen. Og ein gong til. Kva er det dei meiner? Brått går det opp for deg; det var «sørpe-is» det var snakk om. Du har blitt offer for databasert orddeling. Her finn du fleire skrekkeksempel …
Den søte pingvinen Tux er på jakt etter eit skikkeleg måltid mat, og han treng di hjelp. Samtidig som du speler, får du god trening i å bruka tastaturet. Ungar kan få den grunnleggande innføringa i kor tastane ligg, og vaksne kan læra seg å skriva fortare.
Tux Paint er eit gratis, nynorsk teikneprogram for dei yngste. Det har eit veldig enkelt og lettbrukt brukargrensesnitt, men har òg mange flotte og artige funksjonar.
Teikningar og tekst på datamaskiner vert lett «kantete» og stygge, grunna låg oppløysing. Løysinga er kantutjamning. Her er ei kort forklaring på korleis dette fungerer.
Bilde på nettsider tar lang tid å lasta ned, og me vil derfor gjera bildefilene minst mulig. (Nokre av oss brukar framleis modemsamband, og mobilbaserte nettlesarar er på full fart inn!) Løysinga er sjølvsagt komprimering, som gjer at bilda tar mindre plass, med held same, eller nær same, kvalitet. Men overraskande nok er det ofte meir brukarvenlig å gjera filene litt større. Grunnen er ein lite kjend funksjon i PNG-standarden.
GCompris er eit flott og fritt leik og lær-spel med mange forskjellige aktivitetar for ungar mellom 2 og 10 år, og er fullstendig omsett til nynorsk og bokmål. Sjå demonstrasjonsfilm her!