Karl Ove Hufthammer

Litt meir om bloggen

28. april 2003 (oppdatert 21. mai 2009)

I dag har eg lyst å seia litt meir om historien og det tekniske bak denne bloggen, for dei som måtte vera interessert i sånt. Her er litt strøkommentarar om dette:

Når eg først skulle starta bloggen, og dreiv med prototyping, trong eg eit mellombels stilsett å arbeida med. Eg valte å bruka eit eg allereie hadde liggande, frå nettstaden Gratis kvalitetsdataspel (med litt endringar). Og so vart det berre liggande. Eg synest i grunnen det fungerer ganske bra, men har planar om å bytta ut fargane etter kvart (hadde grønt vore noko?).

Elles liknar nok bloggen òg litt på bloggen til Jesro Christoffer Cena – Blank spot. Det er ikkje tilfeldig. Bloggen hans har fungert som inspirasjonskjelda for utforminga av min.

Elles har det tekniske vore litt problem. Nettadresser bør ikkje ha etternamn, noko òg oppfinnaren av verdsveven har notert seg i artikkelen sin «Cool URIs don’t change» (og ja, både han og eg veit at den adressa sluttar på «.html»). Og dei bør iallfall ikkje slutta på «index.html», når tilsvarande adressa utan dette òg funger. Dessverre sprer bloggsystemet eg brukar (Movable Type) om seg med slike lenkjer overalt, og det er forferdelig irriterande!

Dette var faktisk nesten nok til at eg lot vera å starta bloggen. Men so kom eg over programtillegget Regex, som gjorde det mulige å bruka regulære uttrykk overalt. Eg måtte då legga til følgjande attributt alle plassar lenkjer kunne dukka opp:

regex="s/\/index\.html/\//g"

Då forsvann dei hersens «index.html»-lenkjene! Men dessverre ser det ut til at Movable Type sender ut desse fæle lenkjene ved pinging, slik at dei kan bli snappa opp av søkemotorar og andre sider. For å prøva å bøta på dette, har eg sett opp automatisk vidaresending frå adresser med «index.html» til tilsvarande adresser utan. Det ser ut til å fungera greitt.

Til å få grammatikalsk rette kommentarlenkjer («ingen kommentarar», «1 kommentar» og «n kommentarar») har eg funne programtillegget MTEntryIfComments. Dessverre har eg ikkje klart å funne noko som fungerer tilsvarande for kategoriar. Tips blir tatt imot med takk.

Emne: Blogging, Nettsideutvikling

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.