Karl Ove Hufthammer

Vidaresending med Apache

30. juni 2005

Apache er ein av dei mest brukte og beste vevtenarane. Ved hjelp av ei lita tekstfil kan du vidaresenda brukarar og søkemotorar som besøker ei (flytta/utdatert) adressa til ei anna. Denne artikkelen viser korleis.

For litt bakgrunnsinformasjon om vidaresending kan du sjå artikkelen «Lenkjeròte og vidaresending» (dette er imidlertid ikkje nødvendig).

For å gjera vidaresendingar, opprettar du ei tekstfil med namnet .htaccess (merk punktumet) der heimesida di ligg. Inni fila skriv du linjer på følgjande form (på ei linja):

Redirect permanent /gratisdataspel/ http://www.gratis-kvalitetsdataspel.org/

Denne vidaresendinga brukar eg sjølv på denne nettstaden. Når nokon (nettlesarar/brukarar eller søkemotorar/robotar) prøver å få tilgang til http://huftis.org/gratisdataspel/, blir dei automatisk vidaresendt til http://www.gratis-kvalitetsdataspel.org/. Den andre adressa vera absolutt, altso ha med http://, sjølv om ho viser til same nettstad/domene.

Eksemplet gjeld ei varig vidaresending (HTTP-kode 301). Du kan òg bytta ut ordet permanent med eit av desse:

temp
Mellombels vidaresending (HTTP-kode 302).
seeother
Vidaresending til ei anna (relatert) side (HTTP-kode 303).
gone
Sida er fjerna (HTTP-kode 410). Her tar du ikkje med den andre adressa.

Du kan òg bytta ut permanent med nummeret til andre HTTP-kodar. For meir informasjon, sjå den offisielle Apache-dokumentasjonen.

Emne: Nettsideutvikling

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.