Karl Ove Hufthammer

Kommentar-RSS

Eg har no tatt i bruk eit eigna verktøy for lesing av bloggar (meir om det ein annan gong), og har i samband med dette møtt på eit problem: Lesing av kommentarar.

Før besøkte eg bloggane direkte, og kunne dermed lett sjå når det kom kommentarar til innlegg (spesielt viss bloggen hadde ei liste over dei siste kommentarane). No les eg berre utdrag basert på RSS-filer, eller går direkte til enkeltinnlegg viss utdraga verkar interessante.

Eg får dermed ikkje med meg kommentarane, med mindre dei gjeld akkurat dei innlegga eg les, og dei har blitt skrivne før eg les dei. Sjølv i innlegg eg har kommentert sjølv er det vanskelig å hugsa å gå tilbake for å sjå om nokon har svart.

Reknar med andre har same problem, og eg har derfor lagt ut ein kommentar-RSS med oversikt alle dei siste kommentarane. Denne inneheld heile teksten (som rein tekst) til kvar kommentar.

I fare for verka klisjéaktig vil eg oppfordra alle andre til å gjera det same. ☺

8 kommentarar

  1. Hmja. Dette minner meg om at eg faktisk skal oppdatere designet mitt snart, som eg har lova … Men uanskvett, du kan ikkje ta og legge ut ei lita fil eg berre kan lime rett inn som rss-kommentar-template? Eg har igrunn ikkje peiling på dette med rss, ser du, men I aim to please :)

  2. Visste du forresten at den sida som du kjem til når du har posta kommentarar ser heilt annleis ut enn resten? Og at ho dessutan er på bokmål?

  3. Jo, her er RSS-malen min [no fjerna, etter at eg gjekk over til eit nytt bloggesystem].
    Men eg har eit noko finjustert MT-oppsett, so det blir nok ikkje berre klypp og lim.

    Dessutan brukar fila eit par MT-tillegg du må ha installert. Desse finn du i MT Plugin Directory.

    Uansett trur eg det skal gå bra å bruka fila som utgangspunkt, iallfall.
    For øvrig veit eg om kommentarsvarsida. Får vel gjera noko med ho snart, då. ☺

  4. Kommentarfeed

    Karl Ove Hufthammer etterlyser kommentar-RSS fra folk, for lettere å kunne holde tritt med kommentarer i folks blogger.

    Jeg har ikke filla peiling på RSS, men via Phil Ringnalda fant jeg en oppskrift på hvordan han hadde gjort det, som jeg modifiserte til å fungere her. Først installerte jeg den pluginen som kreves, på den måten Phil sa jeg skulle gjøre det, og gjorde så følgende:

  5. Til orientering er det no mulig å abonnera på kommentarar for kvar einskildartikkel. Berre følg lenkja «[Abonner på kommentarar til artikkelen]» nedst artikkelen.

Legg att eit svar til Karl Ove Hufthammer Avbryt svar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.