I over ti år har eg vedlikehalde nettstaden Gratis kvalitetsdataspel, ei unik samling med spelomtalar av gode, gratis dataspel. Men no er det slutt, og nettstaden er lagt – nei, ikkje ned, men – i koma. Det passar derfor fint å reflektera litt over nokre tekniske moment med nettstaden.
Når du har laga eit dokument som skal leggast ut på veven, vil du nok at dette skal vera tilgjengelig for flest mulig. Heldigvis
er XHTML utvikla for å gjera nettopp dette mulig. Faktisk kan sidene dine vera tilgjengelige for alle, sjølv for blinde!
Ein av fordelane med XHTML, er at det er eit strukturbasert språk. Dette muliggjer presentasjon av innhaldet på fleire måtar, på vanlige nettlesarar, men òg på avanserte mobiltelefonar
og programvare basert på talesyntese. Denne artikkelen gjev ei kort innføring i skiljet mellom struktur/semantikk og presentasjon i denne samanhegen,
og avsluttar med eit detaljert eksempel.
Det er lett å skriva nettsider som ikkje er syntaktisk korrekte, og som nettlesarar (og søkemotorar) derfor kan få problem med å tolka rett. Til hjelp kan me bruka sokalla HTML-validatorar, men dei er langt frå so nyttige og gode som ein kanskje har inntrykk av. Men no finst det endelig eit godt alternativ!
Apache er ein av dei mest brukte og beste vevtenarane. Ved hjelp av ei lita tekstfil kan du vidaresenda brukarar og søkemotorar
som besøker ei (flytta/utdatert) adressa til ei anna. Denne artikkelen viser korleis.
Lenkjer er sjølve grunnsteinen i hypertekstdokument – noko XHTML-sider er. Alle lenkjer har ein lenkjetekst, som er den teksten me aktiverer (trykker på) for å følgja lenkja. Men lenkjetekstane er ofte dårlige, og forstyrrar lesinga. I denne artikkelen skal me derfor sjå nærare på korleis lenkjetekstar bør, og ikkje bør, vera utforma.
Internett er full av lenkjer som ikkje går nokon plass – brotne lenkjer. Dette er verken ønskelig eller nødvendig. Denne artikkelen handlar om brotne lenkjer, og om korleis du unngår dei ved å bruka automatisk vidaresending.