Karl Ove Hufthammer

Litt meir om bloggen

I dag har eg lyst å seia litt meir om historien og det tekniske bak denne bloggen, for dei som måtte vera interessert i sånt. Her er litt strøkommentarar om dette:

Når eg først skulle starta bloggen, og dreiv med prototyping, trong eg eit mellombels stilsett å arbeida med. Eg valte å bruka eit eg allereie hadde liggande, frå nettstaden Gratis kvalitetsdataspel (med litt endringar). Og so vart det berre liggande. Eg synest i grunnen det fungerer ganske bra, men har planar om å bytta ut fargane etter kvart (hadde grønt vore noko?).

Elles liknar nok bloggen òg litt på bloggen til Jesro Christoffer Cena – Blank spot. Det er ikkje tilfeldig. Bloggen hans har fungert som inspirasjonskjelda for utforminga av min.

Elles har det tekniske vore litt problem. Nettadresser bør ikkje ha etternamn, noko òg oppfinnaren av verdsveven har notert seg i artikkelen sin «Cool URIs don’t change» (og ja, både han og eg veit at den adressa sluttar på «.html»). Og dei bør iallfall ikkje slutta på «index.html», når tilsvarande adressa utan dette òg funger. Dessverre sprer bloggsystemet eg brukar (Movable Type) om seg med slike lenkjer overalt, og det er forferdelig irriterande!

Dette var faktisk nesten nok til at eg lot vera å starta bloggen. Men so kom eg over programtillegget Regex, som gjorde det mulige å bruka regulære uttrykk overalt. Eg måtte då legga til følgjande attributt alle plassar lenkjer kunne dukka opp:

regex="s/\/index\.html/\//g"

Då forsvann dei hersens «index.html»-lenkjene! Men dessverre ser det ut til at Movable Type sender ut desse fæle lenkjene ved pinging, slik at dei kan bli snappa opp av søkemotorar og andre sider. For å prøva å bøta på dette, har eg sett opp automatisk vidaresending frå adresser med «index.html» til tilsvarande adresser utan. Det ser ut til å fungera greitt.

Til å få grammatikalsk rette kommentarlenkjer («ingen kommentarar», «1 kommentar» og «n kommentarar») har eg funne programtillegget MTEntryIfComments. Dessverre har eg ikkje klart å funne noko som fungerer tilsvarande for kategoriar. Tips blir tatt imot med takk.

7 kommentarar

  1. Hvorfor skal ikke URL-er ha etternavn? Dette er noe jeg mener må være opp til hver enkelt – hvilken teknologi som brukes når du kaller opp http://foo.bar.com/baz.html (eller for den saks skyld http://www.lassedahl.com/i/ellen_dcp_1745.jpg) bestemmes jo helt og holdent av serverkonfigurasjon og programmering.

    Jeg er imidlertid helt enig i at URL-er ikke skal forandre seg! (Og URL-en til bildet over bør av den grunn skrives http://www.lassedahl.com/i/ellen_dcp_1745.jpg – for da har jeg full kontroll 😉

  2. Du spør korfor URL-ar ikkje skal ha etternamn (merk at eg skreiv «bør»). Vel, dette snakkar Tim Berners-Lee litt om i artikkelen eg nemnte. Ein grunn er at etternamnet seier noko om teknologien brukt, og teknologien vil endra seg. Ein startar gjerne med «.html», men so tar ein i bruk eit betre system for utvikling av sidene, og alle adresser skiftar namn til «.shtml», og seinare «.php». Og kvar gong blir alle lenkjer brotne. Dette har eg sjølv opplevd altfor mange gongar med sider eg har lenkjer til!

    Du har ei innvending om at kva teknologi som blir brukt på sida er avhengig av korleis tenaren er sett opp. Det har du rett i, og ein kan for eksempel setta tenarar opp til parsa både «.html» og «.php» som PHP. Men det er ikkje alle som har tilgang til funksjonar på tenaren for å gjera dette, og ikkje alle som har teknisk innsikt til å kunna gjera dette, so i praksis har me likevel problema ovanfor (brotne lenkjer).

    Elles har me det estetiske med etternamnlause nettadresser. Det ser, synest eg, betre ut med adresser som ikkje sluttar på for eksempel «.php». Nettadresser er jo berre meint å identifisera resursar, og at dei liknar på filreferansar i nokre filsystem skal sjåast på som heilt tilfeldig. (Og kva er då poenget med å bruka filetternamn?)

    Etternamnlause adresser er og meir logiske og funksjonelle. Sjå for eksempel på adressa:

    http://www.aftenposten.no/forbruker/helse/

    Dette er helsedelen i Aftenposten. Her kan me kutta av siste leddet for å komma til forbrukardelen, som helsedelen er ein del av:

    http://www.aftenposten.no/forbruker/

    Det hadde ikkje gått om dei hadde brukt etternamn:

    http://www.aftenposten.no/forbruker/helse.html
    http://www.aftenposten.no/forbruker.html

    Men merk at desse invendingane ikkje gjeld eller er gyldig for bilde og bilde-URI-ar.

    Dette er hovudargumenta eg har mot etternamn i nettadresser.

  3. Joda – du har stort sett gode argument. Men når det gjelder Aftenposten-eksemplet

    http://www.aftenposten.no/forbruker/helse/

    peker dette på en underkategori under kategorien «forbruker». Undersidene her viser både teknologi og annet. At man intuitivt kan gå opp et nivå til kategorien over, er jeg enig i, men jeg mener det også vil gå like greit selv om man bruker etternavn der det er naturlig.

    http://www.aftenposten.no/forbruker/helse.html
    gjør at jeg regner med at kategorien over finnes på
    http://www.aftenposten.no/forbruker/
    på samme måte som jeg regner med å finne overordnet kategori ved å fjerne alt etter siste skråstrek med URLer som
    http://www.aftenposten.no/forbruker/helse/article.jhtml?articleID=537407
    Puh!

    Det er forresten veldig slitsomt å lese så mye kursivert tekst – så enten bør du endre den til noe annet, eller så bør jeg holde kjeft 😉

  4. Ja, det vil vera like lett å gå opp eit nivå viss ein har adresser som:

    http://www.aftenposten.no/forbruker/helse.html

    Men det som då blir verre, er å laga nye underkategoriar. Ein må bruka ein av desse:

    http://www.aftenposten.no/forbruker/helse/sars.html
    http://www.aftenposten.no/forbruker/helse/sars/

    Og i begge tilfella vil ikkje «gå opp eit nivå»-strategien lenger fungera. Aftenposten har for øvrig fleire slike «djupe» kategoriar, som:

    http://www.aftenposten.no/nyheter/sport/eliteserien/

    Alt dette snakket om underkategoriar minte meg forresten på ein litt morosam sak. NRK-nettsidene brukar «falske» kategoriar, slik at du kan få ein sak til å sjå ut som han kjem frå ein annan kategori enn han gjer. Du kan for eksempel presentera eit moroinnslag som ei seriøs innanriksnyheit, eller omvendt. Eksempel:

    http://www.nrk.no/nyheter/innenriks/2697442.html
    http://www.nrk.no/innenriks/2720689.html
    http://www.nrk.no/musikk/2648549.html
    http://www.nrk.no/alltidmoro/2723795.html

  5. Å validere nynorsk: Både scripting.com og feedvalidator.org klager på at bloggen din er feil, de sier at nn ikke skal er en ISO-kode for språk. I følge Library of Congress er koden OK. Mystisk.

    En annen sak, er at kodene for bokmål og nynorsk kanskje burde være no-bok og no-nyn, for at en browser skal «forstå» at begge deler er akseptabelt for et menneske som forstår no. (Opera bruker disse kodene, men jeg tror ikke de har noen offisiell status?)

  6. Det er ikkje mystisk. Desse «validatorane» (om ein kan kalla dei det, sjølv i hermeteikn) er bygd på veldig utdatert informasjon, og bør absolutt ikkje brukast.

    no-bok og no-nyn var mellombelse kodar, før me fekk eigne kodar. Men dei er no «deprecated», og skal ikkje brukast.

    Om ein godtar begge målformer (og anna norsk, eksempelvis tale) bør ein sjølvsagt ha med no i lista over språk ein godtar i nettlesaren. Norsk er ikkje i noko serstilling her. Om du for eksempel har en-GB vil du ikkje få sider på amerikansk, med mindre du i tillegg har med en.

Legg att eit svar til Jan Egil Kristiansen Avbryt svar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.