Karl Ove Hufthammer

Lagring av Internett-radio lokalt

22. juni 2003 (oppdatert 31. mai 2009)

Eg skreiv i går om korleis ein kan høra på NRK-radio over Internett med god lydkvalitet, takka vera Høgskolen i Østfold. Men det er ikkje alltid ein har tid til å høra programma når dei blir sendt. Det hadde vore fint å kunna lasta dei ned, og lagra dei for seinare bruk.

Sjølv har eg laga meg eit sinnrikt system som hentar ned og lagrar dei faste favorittprogramma mine automatisk når dei går, sånn at eg kan høra dei når det passar meg. Interessante program arkiverer for å ta vare på dei for ettertida.

Og sjølv viss eg kan og vil høra programma samtidig som dei går, er denne ordninga praktisk. Då kan eg pausa sendingane viss eg for eksempel skal henta meg litt vatn. Dette gjer eg ved å høra fila som blir lasta ned (samtidig som ho blir det), i staden for å høra på sendinga direkte.

Emne: Programvare, Radio

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.