Karl Ove Hufthammer

Detaljar om lagring av Internett-radio

2. juli 2003 (oppdatert 4. februar 2012)

Introduksjon

Eg har tidligare skriva om korleis ein kan lagra Internett-radio lokalt på harddisken for seinare bruk/lytting/arkivering. I den artikkelen nemnte eg at eg har sett opp eit sinnrikt system for å ta opp favorittprogramma mine automatisk. På oppfordring skal eg her gå i detaljar om systemet.

Sjølve systemet

Systemet er laga for Windows XP og Linux, men vil trulig fungera i andre Windows-versjonar òg. Det er ganske greitt å setta opp, og kjører heilt av seg sjølv deretter. Oppskrift følgjer:

Ingrediensar

For Windows treng treng me følgjande gratisprogram:

For Linux har me trulig det me treng allereie.

Nedlasting og lagring

Installer først cygwin. Me treng òg programmet wget, so pass på at det er kryssa av for dette under installeringa. Målet vårt no er å laga eit bittelite skript for nedlasting av lyd frå valfri kanal, i valfri tidslengd, og lagra denne med eit fornuftig filnamnm, med dato og klokkeslett. Alt dette skal veljast med parametrar til skriptet.

Mi løysing vart sånn:

#!/bin/sh
kanal=$2
if [ "$kanal" == "p1" ]
then
kanal=p1_hordaland
fi
filename=$(date +%Y-%m-%d-%H-%M)-$3.mp3
wget -T 25 -t 0 -O /felles/radio/uferdig/$filename http://lyd.nrk.no/nrk_radio_${kanal}_mp3_h &
wgetpid=$!
sleep $1
kill $wgetpid

Bytt ut /cygdrive/c/radio/ ovanfor med noko anna i Linux. Fila kallar me hent-radio.sh, og legg ho i mappa skript i heimemappa, typisk:

No kan me testa om dette fungerer. Kjør cygwin (Windows), eller logg inn og start ein konsoll (Linux). Skriv so følgjande:

cd skript
./hent-radio.sh 20 p2 Test

Dette skal lagra 20 sekund med opptak frå NRK P2, med filnamnet «Test» og i mappa c:\radio\ (eller kor du no har valt å lagra lydfilene i skriptet ovanfor). Me kan ta opp frå andre kanalar ved å bytta ut p2 med

eller nokon av dei andre kanalane som står nemnt på kanaloversikta. Merk at opptak frå P1 brukar Hordaland-versjonen av kanalen. Endra skriptet for å bruka ein annan versjon som standard, eller spesifiser heile kanalnamnet, for eksempel p1_ostlandssendingen.

Viss dette ikkje fungerer, er det ingen grunn til å gå vidare. Sjå på feilmeldingar og rett opp!

Automatisk opptak

No er det tid for automatisering, slik at maskina kan ta opp program på eiga hand, etter fast timeplan. Til dette brukar me programmet nnCron LITE (Windows) eller cron (Linux). Begge programma brukar nøyaktig same filformat.

Sørg for at nnCron LITE startar automatisk ved oppstart av Windows. Rediger so fila cron.tab i programmappa (Windows), eller kjør crontab -e (Linux), og legg til linjer på denne forma (for Windows):

38 18 * * 1-5 c:\programfiler\cron\a.bat 1500 p1 Barnetimen

Eller på denne forma (for Linux):

38 18 * * 1-5 /home/brukarnamn/skript/hent-radio.sh 1500 p1 Barnetimen

Denne seier at me skal ta opp frå P2 i 25 minutt (1500 sekund), frå klokka 18:38, måndag til fredag. Filnamnet skal vera «Barnetimen» (pluss datoinformasjon). Obs! Filnamnet kan ikkje innehelda mellomrom. Bruk heller bindestrekar (sånn-er-livet). Sjå gjerne mi cron.tab for eksempel.

Fila a.bat nemnt ovanfor treng me berre i Windows, og for å starta cygwin rett. Ho skal sjå sånn ut (legg fila i c:\programfiler\cron\):

cd c:\cygwin\bin
bash --login -i skript\hent-radio.sh %1 %2 %3

Finjustering og arkivering

Heilt til slutt kan me i Windows bruka mp3DirectCut til å kutta av uønskja lyd i begynnelsen og slutten av opptaket, for arkivering. Programmet fungerer for øvrig òg utmerka i Wine.

Oppsummering

Som sagt, når alt først er sett opp, so fungerer det heile perfekt. Det er veldig lett å legga til nye program for opptak, og elles treng ikkje systemet noko vedlikehald, med unntak av justering når NRK endrar programtidspunkta.

I historisk perspektiv

Opphavlig brukte eg (det utmerka) programmet Streamripper til lagring, samt eit mykje meir komplisert og uelegant system for resten av det praktiske. Men etter at dei gjekk over til tenaren Icecast 2 for utsending av NRK-radio, fungerte ikkje dette lenger. Takk til Lasse G. Dahl for løysinga med bruk av wget. Denne baserte seg på nedlasting av radiostraumar frå Høgskolen i Østfold, men denne vart lagt i 2010. Heldigvis overtok NRK med ei liknande løysing, som lett kan brukast til automatisk nedlasting.

Emne: Programvare, Radio

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.