Er du interessert i å ha dataprogram på norsk? Då anbefaler eg å kikka innom nettstaden l10n.no. Der prøver me å samla ressursar for folk som arbeider med eller er interesserte i omsetjing av fri programvare til nynorsk og bokmål (og eventuelt samisk). Me har òg ei eiga e-postbasert diskusjonsliste som har halde det gåande sidan 2001.
Eg har laga eit enkelt program (Python-skript), finn-relaterte-ord, for å finna ord som er relaterte til eitt eller fleire oppgitte ord. Orda som vert funne, kan vera synonym, men dei kan òg vera andre nærskylde ord. Eit søk på «journalist» vil for eksempel finna både «skribent» og «bladfyk», men òg ord som «avis» og «penn» og uttrykk som «ha ein god penn».
Eg har lagt ut versjon 2022-04-02 av Ordbanken, eit brukarvenleg kommandolinjeprogram for å kjapt slå opp bøyingar av ord på nynorsk og bokmål.