Karl Ove Hufthammer

NRK-radio over Internett

21. juni 2003 (oppdatert 31. mai 2009)

NRK har fleire gode radiokanalar, som dei òg har gjort tilgjengelig over Internett. Men hører du på radioen over Internett hørest det ut som om opptaka er gjort 20 meter under vatn – med defekt mikrofon. Lydkvaliteten er rett og slett forferdelig, sjølv med høgste kvalitet valt. Sidan eg skreiv dette, har NRK skjerpa seg, og lydkvaliteten er no mykje betre. Men framleis brukar dei ei teknisk løysing som gjer livet vanskelig for brukarar som ikkje har Microsoft Windows.

Her kjem Høgskolen i Østfold inn. Dei har i fleire år sendt ut NRK-kanalane i høg kvalitet over Internett – tilgjengelig for alle. For tida sender dei 15 kanalar i 128 kbps MP3 og 128 eller 172 kbps Ogg Vorbis. Dette er like god kvalitet som mange byttar musikk i!

Sjølv hører eg mykje på radio, for det meste gjennom Høgskolen i Østfold. Dette er ei kjempeflott tenesta! Eg har òg sett opp automatisk nedlasting av dei programma eg er interessert i.

Emne: Radio

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.